Hopp til hovedinnholdet

Kan du i framtida sette berekraftig, norskprodusert mat på bordet?

DAL-20130703-154219_cropped

Matsystemutvalet har hatt i oppgåve å sjå landbruket, beredskap og natur- og klimapolitikk under eitt. Desse lofotlamma veit det kanskje ikkje, men dei og det arktiske landbruket er ein del av debatten. Foto: Lars Sandved Dalen

Berekraftig, norskprodusert mat kan vere ein del av framtida, men det vil krevje endringar i matsystemet. Kva som skal til kan ein lese i rapporten frå utvalet som har sett på heilskapen i det norske matsystemet.

– Vi har levert ei rekke tilrådingar vi meiner vil kunne gje deg og barna dine mat på bordet også i framtida, og enno meir av den skal vere norskprodusert, seier Audun Korsæth, divisjonsdirektør i NIBIO og medlem i matsystemutvalet.

«Matsystemet mot 2050» er den første heilskaplege utgreiinga om det norske matsystemet. Utvalsmedlemane har balansert til dels motstridande omsyn mellom landbruks-, folkehelse- og klimapolitikk, og levert ein rapport alle stiller seg bak.

– Eg er spesielt nøgd med at vi i rapporten er så tydelege på at eit berekraftig matsystem betyr at me må ta vare på ressursgrunnlaget over heile landet. Det vil også seie at drøvtyggjarane framleis vil måtte ha ei nøkkelrolle i matsystemet også i framtida, seier Korsæth.

20261106-20261106-DSCF2985.jpg
Audun Korsæth er divisjonsdirektør i NIBIO og har delteke i matsystemutvalet. Her saman med utvalsleiar Bent Høie under overrekkinga av rapporten. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Frå jord til bord: Dette er matsystemet

Før maten hamnar på bordet ditt heime, har den vore på reise. Frå jord, fjord eller fjøs, via foredlarar, fabrikk og transport. Maten får ny form og innpakking før du kjøper, kokar og et, og til slutt kastar emballasje og helst ikkje så mykje restar.

Eit matsystem er alle element og ledd på vegen. Har kyrne gått på beite, fekk bøndene varsling om potettørråte tidsnok, drog fiskefileten via Kina, gir politikken betre pris på osten?

Det er eit system der faktorar som klima, miljø, infrastruktur og institusjonar vert bunde saman med verdikjeda for mat. Matsystemet kan – alt etter korleis ein innrettar det – vere meir eller mindre bra for folkehelsa, verdiskaping, naturen, sjølvforsyningsgraden og Noreg sin beredskap.

 

Tilrådingar frå ekspertutvalet

Utvalet peikar på fleire område der ein kan styrke det norske matsystemet.

Ein kan:

  • etablere ein felles matsystempolitikk,
  • styrke motstandsdyktigheten i matsystemet,
  • fremje berekraftig verdiskaping og redusere det negative klima- og miljøavtrykket,
  • utvikle matomgjevnader som fremjar folkehelse, matkultur og matglede og
  • forsterke internasjonalt samarbeid.
ats-20220912-200320220912_180317231_iOS_cropped.jpg
Matsystemet er alle elementa som påverkar maten på veg frå jord, fjøs og fjord til bord, her representert ved fiskeoppdrett i Selje kommune. Foto: Anette Tjomsland Spilling

 

Vert rapport til politikk?

Den offentlege utredninga frå utvalet skal kunne vere grunnlaget for ei stortingsmelding. No er den på høyring i tre månader. Regjeringa vurderer deretter om og korleis dei vil gå vidare med arbeidet. Om det vert ei stortingsmelding skal den handsamast i komité og leggast fram til debatt og vedtak i Stortinget.

– NIBIO har ein kompetanse som gjer oss særleg godt eigna til å bidra til heilskapen også vidare, seier Audun Korsæth.

 

KONTAKTPERSON
Diskuter tematikken på frukostmøte

Innhaldet i utgreiinga vert tema for to frukostmøte på Kulturhuset i Oslo i regi av NIBIO no i november, leia av utvalsleiar Bent Høie.

Til frukostmøtet fredag 13. november er tema «Det norske matsystemet – kontekst, moglegheiter, dilemma og utfordringar». Sjå programmet.

Til frukostmøtet tysdag 1. desember er tema «Styrka berekraft i det norske matsystemet.» Sjå programmet og meld deg på.

På begge frukostmøta vert det opna for spørsmål og kommentarar frå salen.

20261106-20261106-DSCF2980.jpg
Matsystemutvalet leverte frå seg NOUen om framtidas matsystem førre veke, til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Usman Ahmad Mushtaq, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Kristina Sigurdsdottir Hansen og statssekretær i Klima- og miljødepartementet Astrid Hoem. Foto: Ragnar Våga Pedersen

 

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.