10 fakta om norsk landbruk

20170723_Innersand-fra-Rytenstien_Flakstad_Nordland_Oskar Puschmann

Innersand, Flakstad, Nordland. Foto: Oskar Puschmann.

Årsskiftet er tid for å telje og gjere opp status. Noko endrar seg, noko ligg fast. I Noreg går talet på gardsbruk ned. Produksjonen held seg stabil. Mjølk, kjøt, egg og ull er dei viktigaste husdyrprodukta. Gras dominerer arealbruken langs kysten, korn er størst på Austlandet.

Klima og topografi er viktige faktorar for det jordbruket som blir drive i ulike delar av landet. I tillegg spelar landbrukspolitikken ei viktig rolle for geografisk fordeling av produksjonane.

Utsyn over norsk landbruk er ei lita landbruksårbok som gir eit samanfatta overblikk over norsk landbruk og kva som har skjedd i sektoren siste år. Her får ein oversikt over landbrukspolitikk og verkemiddel saman med nøkkeltal for produksjon, matindustri og forbruk.

Arealfordeling i Noreg
Arealfordeling i Noreg. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Eit knippe nøkkeltal

  • 800 gardsbruk gjekk ut av drift frå 2015 til 2016.
    • Frå 1989 til 2016 er talet på jordbruksverksemder gått ned frå 99 382 til 41 200.
       
  • I 2016 hadde gjennomsnittsbruket 239 dekar jordbruksareal, fem dekar meir enn året før.
    • I 1999 var talet 147 dekar.
    • 44 prosent var leigejord i 2016.

  • Jord- og skogbruk sysselsette om lag 51 500 personar i 2016, tilsvarande 1,9 prosent av samla sysselsetting i landet.
    • I 2007 var talet 58 400 personar.
       
  • I perioden 2010-2016 auka årsverksinntekta til bonden med 39,2 prosent, til 364 200 kroner.
    • Ein timelønna industriarbeidar fekk 19,5 prosent auke i same periode, og hadde ei årslønn på 452 500 kroner i 2016.  
       
  • Talet på mjølkekyr gjekk ned frå 228 300 i 2015 til 226 700 i 2016. I 1980 var talet 391 100.
    • Mjølkeproduksjonen har heldt seg stabil i same periode – på ca. 1 500 mill. liter årleg.
    • Mjølkekonsum per innbyggjar er halvert frå 1986 til 2016, frå ca. 180 l/innb. til 94 l/innb.
    • Forbruket av ost er gått opp med 6 kg per innbyggjar frå 1986 til 2016. I 2016 var forbruket av ost 18 kg/innb.
    • Kvart bruk hadde i gjennomsnitt 26,1 kyr i 2016. Tilsvarande tal i 1989 var 11,7.
    • Ei gjennomsnittleg mjølkeku gir ca. 1 000 l meir mjølk i dag enn for ti år sidan. Yting per år var ca. 7 500 liter i 2016.
    • I 2016 er 31 samvirkemeieri i drift. I 1993 var det 107.
       
  • Samla kjøtforbruk var historisk høgt i 2016 med 365 600 tonn totalt, ei dobling frå 1980-talet.
    • 342 000 tonn vart produsert i Noreg i 2016.
    • Kjøtforbruk per innbyggjar var i 2016 70 kg, medan det i 1980 var 49 kg.
       
  • Norskprodusert del av matkornforbruket var i 2016 på 58 prosent, mot 67 prosent i 2015.
    • Tidleg på 1970-talet var berre 3-4 prosent av matkornforbruket produsert i Noreg
    • Talet kan variere mykje frå år til år som følgje av skiftande ver og sesong. I 2014 var 48 prosent norskprodusert.
    • Av ein normalårsproduksjon på litt over 1 mill. tonn, vil omtrent 80 prosent gå til kraftfôr.
       
  • Frå 2015 til 2016 vart for første gong sidan 2012 registrert ein auke i økologisk drive areal.
    • Auken var på 3 643 dekar. Samla økologisk drive areal var 446 809 dekar i 2016.
    • Talet på driftseiningar gjekk ned frå 2 113 i 2015 til 2 083 i 2016.
    • Økologisk areal utgjorde 4,5 prosent av samla jordbruksareal både i 2015 og i 2016.
    • Frå 2015 til 2016 auka sal av økologiske daglegvarer med 24 prosent, til 2,5 mrd. kroner.
    • Regjeringa gjekk i 2017 vekk frå målet om 15 prosent økologisk produksjon innan 2020.
       
  • Ca. 39 prosent, eller 126 mill. dekar, av landarealet i Noreg er skog.
    • Av  dette er noko meir enn 83 mill. dekar produktivt skogareal.
    • Produktiv skog er skog som produserer meir enn 0,1 m3 per dekar per år.
       
  • I 2016 vart det levert 10,3 mill. m3 tømmer til skogindustrien.
    • Avverking av trevirke for sal har hatt positiv utvikling sidan 2010.
    • Omtrent 33 prosent av totalt avverka skog i 2016 vart eksportert.
    • Tyskland og Sverige tok imot høvesvis 70 og 19 prosent av det totale eksportvolumet.
    • Ca. 2/3 av tømmeret som blei eksportert, var massevirke.

Hollaker_Lesja_Oppland_Foto Oskar Puschmann NIBIO
Hollaker, Lesja, Oppland. Foto: Oskar Puschmann.
KONTAKTPERSON
Fakta

  • Tre prosent av samla landareal i Noreg er dyrka jord. 39 prosent er dekt av skog.
  • Landarealet i Noreg er på 323 mill. dekar, iflgj. Kartverket.

Måla for jordbrukspolitikken: ‘Jordbrukets samfunnsoppdrag er lønnsom og trygg matproduksjon i tråd med forbrukernes interesser, produksjon av fellesgoder og bidrag til sysselsetting og verdiskaping i hele landet. Landbrukspolitikken har fire overordnede mål: matsikkerhet, landbruk over hele landet, økt verdiskaping og bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser.’

Kjelde: Jordbruksmeldinga 2017

 

Sjølvforsyningsgraden til Noreg var i 2016 på 48,6 prosent. Sjølvforsyningsgraden:

  • Blir rekna som norskproduserte matvarer i prosent av totalt forbruk av mat.
  • Inkluderer berre den delen av forbruket som er basert på norsk produksjon.
  • Tar ikkje omsyn til kvar innsatsfaktorane kjem frå, til dømes om kraftfôret som blir brukt i kjøtproduksjon er norskprodusert eller importert.
  • Inkluderer ikkje maten som Noreg eksporterer, for eksempel norskprodusert fisk.

I ein krisesituasjon vil forbruket kunna bli vridd over til ein diett med meir fisk, noko som vil auke sjølvforsyningsgraden.

Forbruk, import og eksport av matvarer blir rekna i energi når ein skal finne sjølvforsyningsgraden. 

Kven er i målgruppa til Utsyn over norsk landbruk?

Utsynet eit nyttig oppslagsverk for dei som treng oppdatert kunnskap om dei viktigaste utviklingstrekka i norsk landbruk. Boka er retta både mot dei som arbeider med landbruksspørsmål til dagleg, og mot dei som meir sporadisk treng eit blikk på hovudtal og -trendar i landbruket. 

Mellom brukarane finn vi departement og forvaltning, ulike rådgjevarar, forskarar, høgskular og universitet.

Inneklemt jordbruksareal i Rolvsøy, Fredrikstad. Foto: Oskar Puschmann.
Relevante lenker

Ny jordbruksmelding: Endring og utvikling. En fremtidsrettet jordbruksproduksjon.

Melding om skogbruket: Verdier i vekst. Konkurransedyktig skog og trenæring.

Melding om pelsdyrhold: Pelsdyrnæringen

Melding om reindrifta: Reindrift. Lang tradisjon – unike muligheter.

Melding om landbruksbasert næringsutvikling: Garden som ressurs – marknaden som mål. Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar.

Strategi for landbruksbasert reiseliv: Opplevingar for ein kvar smak.

Bioenergiprogrammetblir forvalta av Innovasjon Noreg. Ifølgje omtale på regjeringa.no er dette:  Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for auka utbygging av småskala bioenergi. Programmet skal stimulere bønder og skogeigarar til å produsere, bruke og levere meir bioenergi.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

(Forord) ...Formålet med publikasjonen er å samle en del av den informasjonen som årlig blir publisert innenfor landbruksområdet, fra blant annet Statistisk sentralbyrå, Budsjettnemnda for jordbruket og NIBIO. Felles for mye av informasjonen som er samlet i «Utsyn over norsk landbruk», er at den i første rekke er utarbeidet til spesielle formål og rettet mot de institusjoner og personer som arbeider med landbruksspørsmål til daglig. «Utsyn over norsk landbruk» retter seg mot et bredere publikum; forvaltning, politikere, journalister, studenter, skoleelever og andre med interesse for norsk landbruk. Utsynet vil også være et nyttig oppslagsverk for dem som trenger oppdaterte data og beskrivelser av de viktigste utviklingstrekkene i norsk landbruk...