Jan Reyer Elders

Overingeniør

(+47) 974 81 133
jan.reyer.elders@nibio.no

Sted
Ås - Bygg O43

Besøksadresse
Oluf Thesens vei 43, 1433 Ås (Varelevering: Elizabeth Stephansens vei 23)

Sammendrag

Rapporten presenterer resultata frå eit forsøksprosjekt med bruk av ny metodikk og teknologi (GPS, feltdatasamlar) i administrativt ajourhald av DMK. Prosjektet vart delt i to delprosjekt (Akershus og Nord-Trøndelag) mellom anna med det føremål å få litt ulike variantar av teknisk utrusting og kommunar med litt ulikt utgangspunkt mot. kvalitet på DMK. Prosjektet har vist at det opplegget som er skissert i rapporten fungerer tilfredsstillande, men at ein kan oppnå enno større effektivitet og kvalitet med mindre justeringar av opplegget (m.a. datafangst, melderutinar, betre opplæring). Prosjektet gir ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å kvantifisere effekten av den nye metodikken. Til det er utvalet av testresultat for lite. Likevel er konklusjonen at eit slikt opplegg for lokalt ajourhald som er gjennomført i prosjektet vil vere eit framsteg i arbeidet med å trekkje kommunar og einskildbrukarar aktivt med i ajourhaldet av markslaget. Vinsten vil i første rekkje kome som høgare effektivitet og sparte kostnader, høgare kvalitet på markslaget og større interesse lokalt for å ta på seg ajourhaldsansvar for eit datasett som kommunane har stor eigeninteresse av å halde betre à jour enn tilfellet er i dag. Det vil setje dei i stand til å kunne handtere viktige oppgåver innan areal- og tilskottsforvaltning på ein kvalitativt betre måte. I konklusjonen vert det sagt at arbeidet bør følgjast opp med eit nytt prosjekt der ein innarbeider dei forbetringane i metodikk og teknologi som er avdekt og som har eit så stort omfang at ein får grunnlag for å måle det kvantitative og kvalitative forbetringspotensialet ved den nye metodikken på ein fagleg forsvarleg måte.