Hopp til hovedinnholdet

Bjørnerot – klosterplante med ny popularitet

Bjørnerot-2_Åsmund-Asdal

Bjørnerot har friske og grøne blad som både kan etast, brukas til krydder og til pynt. Foto: Åsmund Asdal

Bjørnerot har tradisjonar i Noreg tilbake til middelalderen. Den har hatt plass i klosterhagar og er brukt både som nytte- og prydplante.

Bjørnerot Meum athamanticum er ei fleirårig staude. Bladverket er mørk grønt, finflika og minner om dill. Blomsten er i kremkvite skjermar. Heile planten er sterkt aromatisk med karriliknande lukt.

Bjørnerot blir ca 35 - 40 cm høg og dannar frodige, kraftige tuer. Den er svært tilpasningsdyktig og hardfør, og klarer seg under dei fleste forhold. Den er også svært langliva og likar å stå i ro på same plassen lenge.

Liknar bjørneragg

Planten har fått namnet sitt fordi rothalsen er dekt med tustar av gamle blad frå tidlegare år. Dette skal minne om ragget av ein bjørn. Derav kjem namnet bjørnerot.

Friske nyplukka blad kan brukast som smakstilsetning i salatar, supper, omelettar og ellers der ein ønskjer frisk karri-smak. Røtene kan også brukast som grønsak. I tidlegare tider vart Bjørnerot også brukt som medisin-plante, bl.a. mot hoste og oppblåst mage.

I hagen er bjørnerot av prydverdi heile sesongen p.g.a. det mørkegrøne frodige bladverket. Den har også blitt mykje brukt som grønt innslag i bukettar.

Ny produksjon og aukande interesse

Sjølv om bjørnerot er ein gammal plante, har den ikkje vore så mykje omtalt i hagelitteratur. Vi finn den omtala i "Væxtlivet i Norge" av Schübler i 1879, og er den einaste planten i slekta Meum. Den har gått i arv frå generasjon til generasjon, men gartnarar har vist liten interesse for den.

Bjørnerot har lenge levt eit anonymt liv i gamle hagar, og sjeldan vore å finne i handel. Dei siste åra har interesserte  hagefolk gjenoppdaga den og ein høyrer stadig kommentarar som: "Å ! Den huskar eg frå bestemor sin hage." Norske staudeprodusentar har no sett den i produksjon og opplever aukande interesse og etterspørsel etter den gamle middelalderplanten. 

Bjørnerot-3_Per-Arvid-Åsen.jpg
Bjørnerot er viltveksande i fleire fjellområder i Sør-Europa. Navnet athamanticum kjem frå Athamas-fjella på Sicilia. Foto: Per Arvid Åsen
Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Reidun Sivertstøl driv Heidatun Staudegartneri som er eit av gartneria Genressurssenteret har samarbeida med når det gjeld produksjon og sal av gamle stauder. Saman med gartneriet Vestlandsstauder har Heidatun samla inn gamle stauder frå Møre og Romsdal. Desse og andre planter som er samla inn til staudesamlingar andre stader i landet er satt i produksjon og er i salg.