Mote frå bevaringsverdige husdyrrasar

Bine Melby er ikkje heilt som andre småbønder: I tillegg til å drive småbruket med gammalnorsk spælsau, fjørfe av ymist slag, to ridehestar og ein stadig større kjøkkenhage, skaper ho òg unike klede av ull og skinn frå bevaringsverdige norske husdyrrasar, som ho brenn for å ta vare på.

PUBLISERT: 29.11.2023 Tekst og Foto: Siri Elise Dybdal

Det sildrar frå takrennene og vinden blæs surt i det vi svingar inn til det raudmåla småbruket Edsberg utanfor Kongsvinger. Ruskevêret kjennest mindre påtrengjande etter ein varm og entusiastisk velkomst frå småbonde og kledesignar Bine Melby, og den vesle lundehunden Myrtel.

– Få på deg støvlane, så skal eg vise deg kjøkkenhagen - og sauene, oppmodar Bine.

Sauene ho referer til er ein flott flokk med gammalnorsk spælsau som ruslar rundt i ei innhegning nedst på tunet. Rasen er ein av dei bevaringsverdige norske sauerasane med fleire spesielle eigenskapar. Mellom anna nyttar og ryddar dei beite- og kulturlandskap, og gir verdiar både i form av mat, ull og skinn.

– Og ikkje minst er dei sosiale og hyggjelege dyr å stelle og vere saman med! seier matmora begeistra.

Sauer på beite
  • Gammalnorsk spælsau er ein av dei bevaringsverdige norske sauerasane med fleire spesielle eigenskapar.

Midt på tunet, omkransa av kårhuset, eit stabbur/utstillingslokale, hønsehus og fjøs, ligg kjøkkenhagen der det veks det meste du kan tenkja deg av grønt og godt. For Bine er oppteken av å vere sjølvforsynt av eiga jord. Det ho ikkje dyrkar sjølv, sankar ho i skogen eller byter til seg - ein kollega på jobben byter fisk mot lam, ein venn som jaktar, byter elg mot fugl eller anna kjøtt osb.

Bilde2
Bilde4
Bilde3
Bilde1

– Kvar dag eg slepp å gå i ein butikk, er eg lukkeleg. Eg likar ikkje salstaktikk, eg er nøysam og har glede av å klare meg med lite. Eg kunne køyrt fin Tesla og pussa opp kjøkkenet, men eg er ikkje interessert. Eg er privilegert som har det slik at eg kan velje, konstaterer ho.
 

Skinn og ull frå bevaringsverdige rasar

Ulla til Bine sine spælsauer er fargerik, lang og glansfull, og fleire av sauene har store horn - både søyer og vêrar. Ulla er todelt med mjuk, finfibra og tett botnnull. Dekkulla er lang og sterk og beskyttar mot regn og vind, og tener som isolasjon for sauane på vinterstid. Eigenskapane er ein av grunnane til at ho valde å ale opp akkurat denne rasen.

Bine bruker den eksklusiv ulla, skinn og horna til denne flokken når ho lagar unike klede, vesker og smykke. Kjøtet blir til middagsmat.

Kyr har ho ikkje på garden, men nokre bønder gir henne skinn frå gamle norske rasar, som dølaku og telemarksku, når dei likevel skal sendast til slakteriet. Desse skinna blir omgjorde til vakre kreasjonar. Dette er ho sannsynlegvis åleine om å drive med i Noreg.

– Det er viktig at dei har levd eit godt liv og at heile dyret blir brukt. Eg veit kvar jakkene mine har beita.
 

Byrja med eit teppe på golvet

Det heile byrja då Bine fann på at ho ville sy ei heilt ny jakke av eit vakkert skinn av rørosku som ho hadde liggjande på golvet i stova. Etter kvart har det vorte mange kåper, jakker, brudeantrekk og mykje anna - både på bestilling og som kundane har sett og falle pladask for og berre måtte ha.

Bine beskriv verksemda som i skjeringspunktet mellom gamle tradisjonar, god og berekraftig ressursutnytting og nyskapande design.

Fra verkstedetSmykkerInteriør fra verkstedetull i naturlige farger
  • – Kom, så skal eg visa deg der magien skjer, sprudlar ho og travar opp trappa i kårhuset der ho har systove og lagrar skinn og ull til framtidig bruk.

  • Det er som å tre inn i Aladdins hòle – forvent det uventa! Her heng kuskinnvesker, smykke, lammeskinnsboaer og plagg i alle fargar og fasongar. Arbeidsbenken er dekt av skinn med vakre mønster og teikningar, side om side med trådsneller, horn, bein, og skinande fjør

  • Det er gamle og nye symaskiner, utklipp på veggene av designaren, familie og kyr, og dessutan ei rekkje kuriositetar à la Bine – mellom anna ein uttørka frosk som dinglar i eitt bein frå skråtaket med god utsikt ut det vesle loftvindauget.

  • Bine dreg fram ei korg og viser fram nøste med mjuk ull i dei naturlege fargane til sauene.

    -Dette er dei små skattane mine. Eg sender ein del av ulla til Selbu Spinneri, og så får eg tilbake spunne garn i ulike naturfargar, som eg tek vare på over tid for å ha ulike variantar å velje frå.

     

Smykker og veskerMuseskinnHerrejakke i skinn fra dølaku
  • Det finst òg dekorative smykke og vesker frå mellom andre grevlingskinn i kolleksjonen. Alt har potensial til å bli ein ressurs.
  • – Har du sett eit museskinn før? spør ho og viser lattermildt fram eit bittelite skinn. Ho måtte berre prøve då det var museår, innrømmer Bine.
  • På ei mannekengdokke heng ei stilig glansfull herrejakke med brannete teikning. Bine kan fortelja at den er laga av skinn frå ei dølaku på Jønsberg vidaregåande skule i Stange, der det har vore bevaringsbesetning av dølafe i mange år. Knappane er laga av kuhorn.

Truleg er ho den einaste i landet som bruker kuskinn frå dei gamle rasane i klesdesign.

– Eg har gått på kurs for å lære, og etter kvart fekk eg støtte frå Innovasjon Noreg til å kjøpe inn utstyr. Eg fann eit system og eit garveri som kunne få skinna mjuke nok til å brukast til plagg. Det har vore kjempespennande å lære og bruke nokre av desse gamle metodane. Eg har stor og audmjuk respekt for dei som framleis held handverkstradisjonen i hevd. Det krev lang og solid utdanning for å bli god på kvart og eitt av desse områda. Det er òg ei form for bevaring, kommenterer ho.

 

Stort hjarte for gamle husdyrrasar

Bine vaks opp med tilknyting til gard og med nærleik til dyr og har vore budeie, jobba med økologisk landbruk og for Slakterisamvirket. Engasjementet for bevaringsverdige landsrasar av norske husdyr har Bine hatt sidan utdanninga som sivilagronom i Ås på seint 80-tal. Det var i denne tida at ho vart spurd av Nina Svartedal (i dag fagleiar ved Norsk Genressurssenter i NIBIO) om å vere med å reise land og strand rundt for å registrere telemarkskyr, og hente informasjon om rasen frå ulike gardar. Det var behov for eit slektskapsregister som ledd i å systematisera informasjon om dei gamle norske storferasane. Dette vart grunnlaget for dagens Kuregister – som no òg er samkøyrt med kukontrollen, fortel Bine.

– Eg tykkjer det er viktig å heidra alle dei bøndene som har vore så framsynte å ta vare på desse rasane for fellesskapet.

Dei stod så åleine då bevaringsarbeidet starta opp og dei fekk tyn. Ein ting var å registrere desse dyra, men dette arbeidet sette bøndene i samband med kvarandre. Slik vart det skapt nettverk og motivasjon for dei som stod åleine, og det var kanskje den viktigaste jobben, kommenterer ho.

 

Frå by til småbruk

Etter studia i Ås var Bine mellom anna rådgjevar ved Norsk Landbruksmuseum og administrerte arbeidet for Genressursutvalet, og hadde eit nytt opphald på skulebenken for å ta utdanning som formingslærar. Ho har i dag deltidsjobb som formings- og realfagslærar ved sida av alle prosjekta.

I fleire år hadde Bine bustadadresse i Oslo, men draumen om gardslivet var klokkeklar:

– Mannen min var veldig glad i det urbane livet i Oslo, medan eg visste at eg skulle bu på gard. Heldigvis vart han med meg. Vi fann småbruket her ute i 1993, og bygde i 1996 då eg var i barselpermisjon med den fyste sonen vår, fortel Bine.

Ekteparet kjøpte småbruket i 1993
Ekteparet kjøpte småbruket i 1993

 

Ekteparet fekk to søner som vaks opp på garden, men har forlate reiret for fleire år sidan. Med sauer, kalkunar, påfuglar, høns og hanar (Bine presiserer at det litt for mange hanar – «dei var så fine») katt og hund, blir det ikkje einsamt.

– Etter at reven tok alle hønene for fem år sidan, måtte vi starte på nytt. Då henta vi inn egg frå  den gamle kulturhistoriske fjørbanken.

Bine har mellom anna jærhøner og bronsekalkunar, ein hardfør kalkunrase som ho seier har lang fartstid i Noreg, i tillegg til eit par flotte påfuglar

Fjær som saakl bli øredobberGårdshunden
  • – Dei fine fjørene bruker eg mellom anna i øyredobbar. Dei mistar aldri fargen, kommenterer designaren.

  • Den svært sjarmerande lundehunden, som konstant sprett leikent rundt beina til Bine kvar enn ho går, er etterkommaren av ein eldgammal hunderase som vart brukt til jakt på lundefugl over store delar av Noregs kyst.

Bines val er utan tvil påverka av engasjement for bevaringstruede rasar.

– Dei er ein del av den levande kulturarven vår. Dei er særprega, sjeldne og vakre. Det er særs viktig at dyra lever lengst mogleg og bidreg til å sikra framtida til rasane og også vera ein del av levande norsk landbruk og matproduksjon, understrekar sivilagronomen.

 

Utfordrande med «made in Norway»

Vi har sett oss ned til lunsj i det koselege furukledde kjøkkenet. Bine diskar opp med herlege retter frå grønsakhagen og heimebaka brød. Kalkunegg-omeletten er himmelsk lett og delikat.

 

Bine diskar opp med herlege retter frå grønsakhagen og heimebaka brød.

Ho fortel om korleis ho har opplevd å drive ei såpass unik designverksemd og utfordringane med å prøve og få økonomi i det.

– Å få inntekt ut av dette virket har hatt sine ulemper. Det er ei utfordring å produsere handverk i Noreg. Dette er ikkje serieproduksjon, og det er ikkje aktuelt å flytte produksjonen til utlandet, så prisnivået blir høgt. Viss det skal bere seg, må eg selja produkt ut direkte til kundar. Mange med produkt som er «really made in Norway» har nok dette som utfordring, påpeikar ho.

Bine hadde i mange år verksemda som heiltidsjobb. Ho reiste land og strand rundt på marknader og messer og tok del i utstillingar m.m. I ein periode var ho òg del av eit designarkollektiv med butikk på Aker Brygge.

I dag har ho framleis ein del av inntekta frå skinnverksemda og reiser kvart år til nokre utvalde kunsthandverksmarknader der ho veit ho treffer dei potensielle kundane sine. Ho har òg utstillingar. I tillegg lagar ho klede «custom-made» på bestilling.
 

Bine i kåpe av kuskinnHalssmykke av kuskinn
  • Bine sel design på marknadar og på bestilling
  • Det er utfordrande å lage produkt som er "really made in Norway"

Ønskjer å bruke meir tid på å dele kunnskap om ressursbruk

Bine tykkjer det er givande å læra bort filosofien sin til fleire: I sommarferien har ho besøk på garden gjennom organisasjonen Work Away. Dette er ei kulturutvekslingsordning og populær reiseform. Gjestene kjem frå heile Europa.

– Eg vart overraska over kor stor interesse det var for dette. Det er tydeleg at det er mange som ønskjer å læra meir om å dyrka mat sjølv, påpeikar Bine.

Ho held i tillegg ofte foredrag, både om bruk av ressursar, design og handverk og dei gamle husdyrrasane. Framover ønskjer ho å bruka endå meir tid på å spreia bodskapen om god ressursbruk til fleire.

– Eg har eigentleg lyst til å utvikle dette småbruket til å vere meir retta utover. Eg vil drive med kunnskapsformidling om ressursbruk. Og så hadde det hadde vore veldig gøy å kunne inspirere fleire til å produsere sin eigen mat, avsluttar småbrukaren, som aldri ser ut til å gå tom for nye «beite».

20220923_141713
20220923_140021
20220923_131819
DSC_0008 kopi

Denne artikkelen er trykket i boka «Husdyra som ikke ville dø ut» som kom på markedet tidligere i år.

I boka møter du et utvalg av de gamle norske husdyrraseness dedikerte talspersoner. Økt og variert bruk har gitt gode råvarer og nye bruksområder for de gamle rasene samtidig som det har bidratt vesentlig til at rasene har økt i antall i ei tid da antall aktive gardsbruk i Norge har gått ned.

Boka kan bestilles fra Dreyer Forlag Oslo.