Gjennom sommaren har NIBIO sine kartleggjarar gått hundrevis av kilometer gjennom vierkratt, skog og fjell. Dei registrerer vegetasjonen meter for meter for å finne ut kva ressursar den norske utmarka rommar. Møt folka som kartlegg beitelandet vårt – bit for bit.
I 2026 markerer FN det internasjonale året for beitelandskap. Noreg har mykje utmark, og beiteressursane spelar ei viktig rolle i norsk matproduksjon. Om lag 95 prosent av landarealet er rekna som utmark, og halvparten av dette er eigna som husdyrbeite. Kvar sommar beiter sau, storfe, geiter og hestar i skog og fjell.
Dei aller fleste lamma i Noreg tilbringer sommaren i utmarka.
Sauen hentar om lag halvparten av fôret sitt frå desse områda, og samla blir det hausta verdiar for rundt éin milliard kroner årleg frå utmarka.
Likevel er det ikkje slik at utmark er det same overalt.
Kartleggjer vegetasjonstypar
I nokre område byr utmarka på næringsrike gras og urter. I andre område er det langt mellom dei gode beiteflekkane. Kjennskap til kva beiteressursar som finst i ulike område er viktig for å kunne utnytte utmarka best mogleg.
Det er her kartleggjarane i NIBIO kjem inn.
– Vi kartlegg kor dei ulike vegetasjonstypane i utmarka finst. Då får vi kjennskap til kva beiteressursar som finst i dei ulike område, slik at vi kan forvalte dei betre, fortel Magnus Stenbrenden. Han er seniorrådgjevar i NIBIO, og prosjektleiar for kartlegginga i Surnadal.
Magnus Stenbrenden og Magnild Garte Høiberg er to av utmarkskartleggjarane i NIBIO.
Med seg har Stenbrenden eit team på seks andre, deriblant Michael Angeloff og Magnhild Garte Høiberg. I løpet av sommaren har heile teamet kartlagd om lag 450 kvadratkilometer utmark over heile landet.
Dette arbeidet er ikkje noko nytt. I dei siste 50 åra har kartleggjarar frå NIBIO gradvis avdekka meir og meir av ressursgrunnlaget i utmarka.
Michael Angeloff har jobba som kartleggjar i NIBIO i fleire år.
– Totalt har vi kartlagt 8,6 prosent av utmarka i Noreg, seier Angeloff. Angeloff har jobba med kartlegging i fleire år, og koordinerer årets arbeid.
– Hadde me byrja dette arbeidet i 1270, då Magnus Lagabøte regjerte, hadde me vore ferdige no, ler han.
Sjølve kartleggingsarbeidet går ut på å undersøke ulike område. Plantesamansetting og dominerande artar seier noko om jordsmonnet, tilgangen på vatn og klima i området. Dette dannar grunnlag for å klassifisere området som ein vegetasjonstype. Ved hjelp av kart og flyfoto blir dei ulike vegetasjonstypane registrert, og grensene mellom dei blir teikna inn.
– Når vi kjem tilbake til kontoret, lagar vi vegetasjonskart og skriv rapportar. Dette blir brukt i lokal forvalting av utmarka, seier Angeloff.
Rishei er den vanlegaste vegetasjonstypen i Noreg.
– Det er alltid triveleg å kartleggje i risheia! smiler Angeloff.
– Sjølv om den kan være litt strabasiøs å ta seg fram i, med einerkratt og dvergbjørk, er den full av liv. Her kan ein møte rypekyllingar, og å sjå heilo og heipiplerke er som å møte gamle kjente, fortset han.
Risheia er den vanlegaste vegetasjonstypen i Noreg. Den finst i fjellterreng over heile landet, frå nord til sør og aust til vest. Til saman utgjer den om lag ein fjerdedel av fjellarealet i Noreg, og finst typisk i lesider, der snødekke og tilgangen på vatn og næring er moderat.
– Risheia er ein veldig viktig beiteressurs i utmarka, forklarer Angeloff.
– Sjølv om beitekvaliteten berre er middels god finst det så mykje av han at han ender med å bety mykje for beitedyra.
Høgstaudeenga er kremen av vegetasjonstypane
Ei rishei kan gradvis gli over i ein annan vegetasjonstype – høgstaudeeng. Medan risheia ligg i lesidene, finn du høgstaudeenga i lier, rasmarker, forsenkingar eller langs elve- og bekkekanter i landskapet. Her skaper rikeleg tilgang på vatn og næring eit område med stor produksjon av biomasse.
– I høgstaudeenga veks det gras og urter, og landskapet er ofte farga av blomar som soleie, storkenebb og engsyre, fortel Stenbrenden.
– Dette er veldig gode beiteareal, og er av dei mest produktive areala vi har i fjellet.
Høgstaudeenga er ikkje så vanleg, fortset Stenbrenden.
– Dei tilhøyrer kremen av vegetasjon, men utgjer berre omlag 2 prosent av det norske fjellarealet.
Som i alle vegetasjonstypane finst det også variasjon i høgstaudeengene. Nokre er dominert av vier og være mindre eigna som beite, medan andre områder er rikare på gras og urter.
– Tradisjonelt har høgstaudeenger ofte blitt brukt til slått og beite. Slik regelmessig bruk skifter artsamansetjinga meir mot dei gode beiteartene. Kultivering speler derfor ei viktig rolle for å halde ved lag beitekvaliteten.
Høgstaudeeng i Surnadal
I og med at høgstaudeenga er så gode beiteareal møter kartleggjarane ofte beitedyr når dei arbeider i områda.
– Det er alltid triveleg å møte beitedyr, smiler Stenbrenden. – Det gir ei fin påminning om at jobben me utfører er viktig, og det er fint å sjå at utmarka faktisk blir brukt.
Viktig beite i skogen
Både rishei og høgstaudeeng veks frå øvre del av skoggrensa og eit stykke oppover i fjellet. Også nedover i skogen finst det viktig beite.
– Det finst fleire typar blåbærskog, og ein av dei viktigaste er blåbærbjørkeskog, forklarer Garte Høiberg.
Blåbærbjørkeskog kan by på søte bær for ein kartleggjar.
Blåbærbjørkeskogen utgjer 11 prosent av arealet under skoggrensa. Av same grunn som at risheia er ein viktig ressurs, er også blåbærbjørkeskogen viktig fordi det finst så mykje av han.
– I tillegg til blåbærlyng er det ofte mykje smyle i blåbærbjørkeskogen, seier Garte Høiberg. – Dette graset er ikkje det beste beitegraset, men det er veldig vanleg og dyra har tilgang på mykje av det.
Dårlege beite har også verdi
Dei viktigaste beiteområda er naturleg nok dei som tilbyr godt med næringsrik mat. Likevel finst det også ein verdi i vegetasjonstypane med mindre god beitekvalitet.
– Min favoritt vegetasjonstype er tørrgrashei! utbryter Angeloff.
Tørrgrasheia er trivselsland for både folk og fe.
– Den er eventyrleg vakker å gå i. Her er du så høgt til fjells at både dvergbjørka og blåbæra har gitt opp. Planteproduksjonen er låg og det finst lite å bite i for dyra.
Likevel er det ikkje berre Angeloff som trivst i tørrgrasheia.
– Reinsdyra har det fint her, og både sau og storfe tek også turen opp. Her kan dei kose seg på ein solrik dag, med vind og lite insekter. Det er rett og slett eit trivselsland.
Garte Høiberg er enig i at også områder med mindre godt beite er viktige.
– På varme dagar med mykje insekt må gjerne dyra trekke oppover i fjellet. Då er det viktig for dei at dei finn beitero og kvileplassar.
I tørrgrasheia får sauen fri frå plagsamme insekt.
Digitaliserer kvardagen
Sjølv om utmarksområda er nye for kvart år, er det mykje som er det same frå år til år.
Men i år har kartleggjarane innført to nye endringar.
– I år har me gått over til fulldigital registrering. Før teikna me inn syltynne linjer med tusjpenn i flyfoto.
– I år har me teikna grenser og registrert vegetasjonstypar i kart på nettbrett.
– Overgangen til digital registrering har heldigvis gått bra, sjølv om vêret ikkje har vore heilt på vår side i Nordland og på Møre, summerer Stenbrenden opp.
I år har Stenbrenden, Angeloff og Garte Høiberg i tillegg delt glimt frå kvardagen sin med NIBIO sine følgjarar på Instagram.
Magnus Stenbrenden poserer med ei ku til glede for instagramfølgjarar.
– Me har prøvd å formidle litt av korleis kvardagen til ein kartleggjar er. Lunsj i det fri, møter med både fugl og fe, og vakker natur i sol og regn. I tillegg har me prøvd å formidle litt av faget vårt gjennom å dele naturkunnskap og kunnskap om vegetasjonstypar.
Ivrige følgjarar kan også ha plukka opp eit godt moltetips.
– Å, molte er godt altså! utbryter Stenbrenden i ein av videoane han har delt.
– Viss du går inn i NIBIOs vegetasjonskart og søker etter 9a, finn du vegetasjonstypen rismyr. Der er sjansen størst for å finne molte!