Det trengs tilskot av B vitaminer i fôringa av fjørfe og svin. B vitaminer er eit gjæringsprodukt frå nokre gjærtypar. I dag har produksjonen av B2 og B12 produkt, utan bruk av gen-modifiserte mikroorganismar, blitt knapp og dyr, og de blir ikkje produsert i Europa. Det har oppstått ein kritisk situasjon for forsyninga av B vitamin til økologiske husdyr. Andre viktige vitaminer, som E vitamin og andre feittløyseleg vitaminer som er laga syntetisk, ønskjer ein å erstatte med naturlege vitaminer

RELACS har som mål å revidere behova for vitamintilskot i økologisk husdyrhald og identifisere kjelder for produksjon av vitaminar utan bruk av genmodifiserte organismar (GMO). RELACS vil:

  • Lage ein oversikt over bruken av og behovet for vitamintilskot i økologisk husdyrhald. Mengde vitaminer brukt i økologisk husdyrhald vil bli estimert.
  • Revidere og tilpasse behovet for tilskot av E vitamin til drøvtyggarar i økologisk produksjon.
  • Revidere behovet for tilskot av B vitamin til fjørfe i økologisk produksjon. Kvantitative data for Bvitaminbehov i økologisk fjørfeproduksjon vil bli samla  
  • Tilpasse fôrrasjonar og teste dei ut i praksis. Reviderte normer vil bli prøvd ut på modellgardar
  • Utvikle effektiv produksjonsteknologi for B2 vitamin ved hjelp av GMOfrie gjærstammar
  • Gjere sosioøkonomisk og miljøanalyse av verknadane av dei nye tilrådingane for tilskot av E vitamin til storfe og B2 vitamin til fjørfe.

NIBIO er med i arbeidet med vitaminer, spesielt med behovet for tilskot av E vitamin til drøvtyggarar