Kjetil Fadnes
Lead Engineer
Abstract
Rapporten gjev ein detaljert oversikt over jordbruksareala i Noreg med utgangspunkt i AR5, og viser kor mykje som er ute av drift, samt fordeling av areala på arealstorleik, avstand og topografi, jordbruksareal i og nær tettstader, i naturreservat og nasjonalparkar. Rapporten gjev estimat på etterslep ved oppdatering av AR5, og omtaler utfordringane med rapportering av nedbygd jordbruksareal. Kommunevis fordeling av hellingsklasser på jordbruksareal og jordbruksareal i verneområde, samt fylkesvis fordeling på storleik og avstand ligg som vedlegg.
Abstract
Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Bjørnafjorden landbrukskontor. Den omtalar jordkartlegging, jordvern, utvikling i jordbruksareal, beredskap, sjølvforsyning og verkemiddel for å stimulere busetjing på gardsbruk og i grisgrente område. Jordkartlegginga dekker berre ein liten del av jordbruksareala i dei tre kommunane. Det vert derfor tilrådd dialog med Statsforvaltaren i Vestland om vidare prioritering av jordkartlegging. Det er gjort ei evaluering av arealrekneskap og jordvernindeks utarbeidd av Bjørnafjorden landbrukskontor. Vidare er det vist at jordbruksareal nær tettstader har stor verdi både for grovfôrproduksjon, potetproduksjon og lokal matberedskap. Rapporten peikar på tiltak for å styrkje busettinga. Buplikt, nedsett konsesjonsgrense og aktiv konsesjonsbehandling kan bidra, men må kombinerast med kartlegging, dialog, praktisk tilrettelegging, ressursar og politisk forankring.
Authors
Junbin Zhao Mounir Takriti Per-Erik Jansson Ed Jones Mikhail Mastepanov Erling Fjelldal Cornelya Klutsch David Kniha Runar Kjær Simon Weldon Kjetil Fadnes Knut Bjørkelo Jonathan Rizzi Christian Wilhelm Mohr Gunnhild Søgaard Jagadeesh YeluripatiAbstract
Abstract Peatlands drained for agriculture and other uses release substantial carbon dioxide. Many countries estimate these emissions using the 2014 IPCC Tier 1 emission factors. Here we calibrated an ecosystem model with data from two cultivated peatland sites in Norway and simulate carbon dioxide emissions at 50 sites nationwide for 2001–2022. Model results showed that carbon dioxide emissions were strongly controlled by water table depth and aligned well with observations from other European peatlands of similar climate zones. Crucially, the Tier 1 emission factor matched our simulations only under very deep water tables (< –0.7 m), but overestimated emissions by 31–88% when water levels ranged from –0.7 m to –0.3 m. This indicates that Tier 1 methods may overstate emissions from cultivated peatlands in cool temperate and boreal regions, inflating estimates of mitigation potential. Tier 2 or 3 approaches can reduce uncertainty but require more field data.