Hopp til hovedinnholdet

Tid for vatning

DSC06733

– Både korn og gras treng godt med vanning no. Frå Driva, Oppdal tidlegare denne veka. Foto: Morten Günther

Tørken på Austlandet bit seg fast. Med verktøy frå NIBIO kan du berekne behovet for vatning av korn, potet og gras i området ditt.

Dei fleste har tørkesommaren frå 2018 friskt i minne. Lite tyder på mykje nedbør på Austlandet framover. Vassreservane i jorda er i ferd med å brukast opp, og då må tiltak gjerast.

 

Eng og korn treng vatn - no

I år kom det 2-300 prosent meir nedbør enn vanleg i april, samtidig som det var kaldare enn normalt på Austlandet. Då blei det knusktørt.

– Vassreservane i jorda var truleg godt oppfylte i byrjinga av mai. For vekstar med tidleg vekststart, som eng og haustkorn, gav nok dette ein god start på sesongen. Desse vekstane har likevel brukt opp mykje av denne reserven, og begynner no å li av alvorleg vassmangel, særleg på tørkesvak jord, fortel NIBIO-forskar, Hugh Riley.

– Vårkorn sådd i mai vil førebels ha brukt opp mindre av vassreserven. Om etableringa har vore tilfredsstillande kan dei tole litt tørke dei første vekene etter spiring, men slik det ser ut no, så treng nok også vårkorn vatning snarast. Korn har størst behov for vatn frå busking, og særleg under strekningsveksten. Om det kjem godt med vatn mot slutten av månaden og utover i juli, kan situasjonen betre seg, om enn ikkje fullstendig, held Riley fram. Han understrekar at det er store variasjonar.

Prosjektleiar Einar Strand i NIBIO fortel at det for graset sin del har vore kritisk ei stund allereie. Første slått har gitt reduserte avlingar på grunn av tørken, og så langt også redusert tilvekst til andreslåtten.

– Dette er kritisk med tanke på fôrtilgangen, fortel Strand.

– Tørken herjar på Austlandet, men det er store lokale variasjonar. Foto: Einar Strand
– Tørken herjar på Austlandet, men det er store lokale variasjonar. Foto: Einar Strand

Potetar og grønsaker

Potetenes vatningsbehov avheng av kva type poda som er sett.

– Tidlegpotet treng vatn allereie, og dei fleste tidlegpotetdyrkarane har truleg for lengst begynt å vatne. Seinare potetsortar bruker lite vatn i starten, og dei toler ei viss tørke til å begynne med, sjølv om det kan gå utover knollsetjing. Ved sein høsting, har vi faktisk i forsøk målt ein positiv effekt av tidleg tørke på totalavling. Sein potet treng vatning mest i juli og første delen av august. I 2018 lei potetavlingane mindre enn det mange frykta, sidan det mange stader kom godt med nedbør i andre halvdel av vekstsesongen, seier Riley.

– Når det gjeld grønsaker har dei fleste dyrkarane vatningsanlegg, og for desse gjeld det nok å vatne det dei kan. Det er ein del forskjellar mellom grønsakarter når det gjeld behovet til ulike tider under utviklinga, avsluttar Riley.


Utrekning av vassbalanse

Med finansiering frå Landbruksdirektoratet har NIBIOs landbruksmetrologiske teneste, i samarbeid med NIBIO Apelsvoll, utvikla ein kalkulator der dyrkarane kan rekne ut vatningsbehovet på sine eigne skifte, og halde oversikt over når og kor mykje vatn det er tilført. Brukarane må sjølve legge inn enkle opplysningar om jorda, vekst og spiredato, og dessutan vatningsdatoer og vassmengder på kvart skifte. Tenesta lagrar opplysningane og oppdaterer kvar gong brukaren opnar programmet. Førebels er tenesta berre tilpassa gras, korn og potet.

Kalkulatoren for utrekning av vassbalanse finn ein hos NIBIO på:
https://lmt.nibio.no/irrigation/

2-12-15.jpg

 

NIBIO-forskar Hugh Riley ved verstasjonen på Kise. Foto: NIBIO
NIBIO-forskar Hugh Riley ved verstasjonen på Kise. Foto: NIBIO
Desse åkerbønnene skulle gjerne hatt litt meir vatn. Foto: Morten Günther
Desse åkerbønnene skulle gjerne hatt litt meir vatn. Frå Ås, Viken denne veka. Foto: Morten Günther

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.