Hopp til hovedinnholdet

Proteingevinsten frå sauehaldet kan forbetrast

utmarksbæ2-DA_20130711-140206-2

Sau på utmarksbeite gjer gras og urter om til høgverdig protein vi kan eta. Foto: Dan Aamlid

Forskarar frå NIBIO har rekna ut at slik sauehaldet er i dag, får vi att omlag like mykje eteleg protein i kjøt og biprodukt som det vi tilfører dyra igjennom fôret. Men det kan forbetrast.

Sau gjer gras og urter om til høgverdig protein vi kan ete. I tillegg til beiting og grovfôr kan drøvtyggjarar også nytte korn og andre vekstar som er etande for menneske. Årsaka til at det blir brukt korn som fôr, er at det svarar seg økonomisk.  Å forstå proteinrekneskapen og drøvtyggjaren si rolle i dette er viktig i diskusjonen om korleis vi bør forvalte ressursane våre i berekraftig matproduksjon.

 

Effektiviteten avheng av fôret

Når forskarane bereknar proteinutnyttinga hos sau og lam tek dei utgangspunkt i den totale mengda etande protein i kjøt og biprodukt av alle slakt i forhold til den totale mengda etande protein brukt i fôringa. Effektiviteten blir rekna som eit forholdstal, og dersom talet er større enn éin blir det produsert meir menneskeleg etande protein enn det som blir brukt i fôringa. Verdien av proteinet i mat for menneskje er gitt av innhaldet og samansetjinga av essensielle fordøyelege aminosyrer. Derfor reknar ein òg på kor mykje essensielle, fordøyelege aminosyrer ein får att i produkta jamført det ein bruker i fôret.  

Mengda etande protein i kjøt er samla for lam og sau. Det meste av kjøtet er lammekjøt, men det blir alltid slakta søyer òg.

– Om lag ein fjerdedel av søyene blir slakta kvart år. Det vil av ulike årsaker alltid vera behov for å erstatte nokre mordyr. Det kan kome av alder, sjukdom, at lamma er svake og små, eller at dyra går utanfor beiteområda, forklarer forskar Håvard Steinshamn i NIBIO.

Dersom ein reknar med at både kjøt, innmat og blod er etande og at raps brukt i kraftfôret ikkje er  eteleg for folk, blir det i gjennomsnitt produsert omtrent like mykje etande protein som det blir brukt i fôringa. For alle fordøyelege, essensielle aminosyrer blir det produsert meir enn brukt i fôringa i regionane Austlandet og Trøndelag, medan det for andre delar av landet er omtrent same mengd fordøyelege essensielle aminosyrer i kjøt og biprodukt som blir brukte i fôringa.

Proteineffektiviteten er høgare i regionar med godt utmarksbeite. Fjell- og dalbygder i Trøndelag og på Austlandet har høgare forholdstal enn Agder og Rogaland. Mengd kraftfôr per vinterfôra sau og tal gangslam (levande lam på hausten) per vinterfôra sau har sterk effekt på forholdstalet.

– Det er derfor fullt mogeleg å betra proteineffektiviteten med relativt små justeringar av mengd og type ingrediensar i kraftfôr, fortel Steinshamn.

 

Mest frå grovfôr og utmarksbeite

Drøvtyggjarar (sau, ku og geit) på utmarksbeite har eit enormt matfat å ta av. I tillegg har beitinga ei rekkje nyttige effektar på både økosystem og kulturlandskap.

Berre tre prosent av landarealet i Noreg er jordbruksareal, og under halvparten av dette er eigna til å dyrke åkervekstar som kan gi etande protein direkte til menneske. Resten av det dyrkbare arealet er best eigna for å dyrke gras. I tillegg til dette har vi store areal, omtrent 45 prosent av landet, som er eigna som beite for drøvtyggjarar.

– Drøvtyggjarar har den unike eigenskapen at dei kan omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er etande for menneske, til høgverdig protein med essensielle aminosyrer. Mesteparten av fôrinntaket i norsk sauehald er grovfôr, og rundt 60 prosent av fôrinntaket kjem frå beite. Men, det blir også brukt ein del kraftfôr og mjølkefôr (mjølkeerstatningar) med ingrediensar som menneske kan ete og fordøye, held Steinshamn fram.

Kvaliteten på utmarksbeitet betyr mykje for lammetilveksten. Det kan også vere slik at dei som har høg slaktevekt med lågt kraftfôrnivå har gode sluttfôringsbeiter med eittårige vekstar som fôrraps og raigras. Det reduserer i stor grad behovet for kraftfôr.

– Ulempa er at ein då må ha jordbruksareal som eignar seg for eittårige vekstar. Slike areal kan potensielt òg bli brukt til å dyrka vekstar for menneskeleg konsum, men i mange delar av landet er det ikkje lønnsamt å dyrka åkervekstar på sauebruk grunna økonomiske og naturgitte forhold.

 

Korleis kan proteinutnyttinga bli betre?

Lam har kun ein kort periode i fjøs før dei blir sleppt på beite. Der blir dei til dei om hausten blir henta for slakting. Dei fleste lamma har derfor lite tilførsel av protein som menneske også kan nytte.

– Men det blir brukt noko mjølkeerstatning og kraftfôr til lam om våren, og noko kraftfôr som sluttfôring til lamma om hausten. Dette er for å få opp slaktevekta og betre klassifisering av slakta. Det siste har mykje å seie for prisen bonden får for slaktet. Mesteparten av kraftfôret går likevel til søyer om vinteren, og særleg etter lamming. Det er for å sikre god mjølkeproduksjon og ein god start for lamma, held Steinshamn fram. 

Det er fullt mogeleg å leggje opp produksjonen slik at proteinutbyttet blir positivt.

– Då må kraftfôrmengda senkast, og det må leggjast meir vekt på betre utnytting av grovfôret. Først og fremst på innmarksbeite og i innefôringstida med betre grovfôr som reduserer behovet for kraftfôr. Å redusera behov for mjølkeerstatning vil og vere viktig. Då må ein sørgje for at søya får eit passe antal lam som ho kan klara å fø sjølv. Evna dyra har til å produsere godt på grovfôr og tilgjengeleg utmarksbeite, og dessutan antal lam, er òg eigenskapar som kan vektleggjast igjennom avl, avsluttar Steinshamn.

11-12-15.jpg

 

Drøvtyggjarar har den unike eigenskapen at dei kan omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er etande for menneske, til høgverdig protein med essensielle aminosyrer.  Foto: Morten Günther
Drøvtyggjarar har den unike eigenskapen at dei kan omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er etande for menneske, til høgverdig protein med essensielle aminosyrer. Foto: Morten Günther

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Som drøvtyggar har sauen evne til å omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er eteleg for menneske, til høgverdig protein, i kjøtt og biprodukt, med essensielle aminosyrer. I norsk sauehald er det meste av fôrgrunnlaget grovfôr, og beite står for om lag 60 % av fôrinntaket. Men det blir også brukt ein del kraftfôr og mjølkeerstatningar med humant etelege ingrediensar. I denne studien undersøkte vi kor mykje eteleg protein vi får ut i høve til mengd eteleg protein gitt i fôringa. Effektiviteten er rekna som høvetalet (HePeff) med mengd eteleg protein i kjøtt, blod og innmat i høve til mengd eteleg protein brukt i fôringa. Dersom det blir produsert meir eteleg enn det som blir brukt i fôringa, er effektiviteten HePeff større enn 1. Det blei også estimert i kor stor grad aminosyrer brukt i fôringa blir oppgradert til essensielle aminosyrer for menneske. Dette uttrykt som differansen mellom fordøyelege essensielle aminosyrer i kjøtt, blod og innmat og mengd av dei same aminosyrene brukt i fôringa. Datagrunnlaget var tal frå sauebruk som var med i Driftsgranskingane i jordbruket i åra 2018-2020. Mengd innkjøpt kraftfôr og mjølkeerstatning blei estimert ut frå rekneskapstal. Ingrediensar i innkjøpt fôr blei estimert ut frå opplysningar gitt av fôrprodusentar. I kalkylane såg ein på kva det hadde å seie om raps og rapsprodukt i kraftfôret vart rekna som humant eteleg. Dersom ein rekna at både kjøtt, blod og innmat er eteleg, og rapsprodukt ikkje er humant eteleg, blei det i gjennomsnitt produsert om lag like mykje humant eteleg protein som brukt i fôringa, HePeff = 1. Dersom ein ikkje rekna proteinet i raps som humant eteleg, blei det for alle fordøyelege essensielle aminosyrer produsert meir enn brukt i fôringa i regionane ‘Austlandet andre bygder’ og ‘Trøndelag andre bygder’, medan det for andre deler av landet var om lag same mengd protein i kjøtt og biprodukt som det vart brukt i fôringa. Proteineffektiviteten var høgare i regionar med gode utmarksbeite, og Fjell- og dalbygder i Trøndelag og på Austlandet hadde høgare HePeff enn Agder og Rogaland. Mengd kraftfôr per vinterfôra sau og tal gangslam (levande lam på hausten) per vinterfôra sau hadde sterk effekt på HePeff, og det er fullt mogleg å betre effektiviteten med relativt små justeringar av mengd og type ingrediensar i kraftfôr