Hopp til hovedinnholdet

Karanteneskadegjerar oppdaga i tomatfrø

DSC07722

Forskarane Martin Pettersson og Dalphy Harteveld arbeider med å kartleggje risikoen for at frø frå hagesenter inneheld skadelege organismar. Foto: Silje Kvist Simonsen

Mange gler seg over å ha eigenproduserte planter i kjøkkenhagen, men dei frodige vekstane kan og skape problem. Frøa kan vere berarar av skadelege organismar, og nyleg har forskarar ved NIBIO oppdaga ein ny karanteneskadegjerar i tomatfrø.

All form for plantemateriale kan innehalde fleire typar potensielt skadelege organismar, slik som sopp, virus, insekt, bakteriar og nematoder. Import av plantemateriale til Noreg utgjer dermed ein risiko for at vi importerer nye, skadelege organismar til landet.

Forskarane Martin Pettersson og Dalphy Harteveld i NIBIO arbeider med å kartleggje denne risikoen. Dei har mellom anna sett på moglege sjukdommar som finst i frø som vert seld på hagesenter.

- Vi har testa åtte av dei mest populære vekstane å dyrke i kjøkkenhagen, mellom anna tomat, løk og salat, fortel Harteveld.

 

Uvelkomen gjest i tomatfrø

I tomatfrøa gøymde det seg ein uvelkomen overrasking, nemleg karanteneskadegjeraren «potato spindle tuber viroid». Viroidet kan gi store avlingstap både i potet- og tomatproduksjon, men vert først og fremst rekna som ein trussel mot tomatproduksjon i veksthus. Ifylgje Mattilsynet er det enno ikkje påvist i verken tomat- eller potetproduksjon i Noreg.

– Dette er eit alvorleg funn, seier Dag-Ragnar Blystad og Zhibo Hamborg, som arbeider med plantevirus i NIBIO.

– Vi fann også frø med tomatmosaikkvirus. Sjølv om dette viruset ikkje er ein karanteneskadegjerar gir det store skader på plantene. Begge sjukdomane smittar lett ved kontakt. Dermed vil sjølv ein låg smitteprosent i eit veksthus vere alvorleg.

Zhibo Hamborg var ansvarleg for at tomatfrøa vart testa for fleire viktige virussjukdommar. Foto: Silje Kvist Simonsen
Zhibo Hamborg var ansvarleg for at tomatfrøa vart testa for fleire viktige virussjukdommar. Foto: Silje Kvist Simonsen

Betre frøtesting

Sjølv om funnet av «potato spindle tuber viroid» ikkje er gjort i frø seld til profesjonelle tomatdyrkarar, må vi ta funnet alvorleg.

- Funnet gir ein indikasjon på kva frøa kan innehalde. Tomatfrøa er bekrefta testa for viroidet  før dei blei importert til Noreg. Dette funnet tyder på at dagens testing av frø før sal ikkje er god nok, seier Blystad.

Forskarane fann også andre organismar på frøa – både sopp, bakteriar og insekt.

– Dette viser at sjukdom kan komme til Noreg via frø, forklarer Harteveld.

– Ved å selje slike frø til privat bruk blir smitta oppretthaldt, og i verste fall kan ho spreie seg ut frå private hagar.

Malin Eld er tilsett i Plantasjen og er kategoriansvarleg for frø til Noreg. Ho svarer at dei ikkje har inntrykk av at sjukdomssmitte frå frø er eit problem.

- Vi har tillit til frøprodusentane våre, men dersom risikoen viser seg å være stor er vi nøyde til å gå gjennom rutinane våre, svarer ho.

Virusforskar Dag-Ragnar Blystad kallar funnet av skadegjeraren alvorleg. Foto: Silje Kvist Simonsen
Virusforskar Dag-Ragnar Blystad kallar funnet av skadegjeraren alvorleg. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

2-12-15.jpg

 

Kva er eit viroid?

Viroider er dei minste kjende sjukdomsframkallande mikroorganismane. Dei er berre funne i plantar og er årsak til ei rekkje plantesjukdommar.

Viroider består av eit enkelttrådet, sirkulært RNA med ei lengd på cirka 240–400 basar, som ikkje er omgitt av eit proteinskal (i motsetning til plantevirus og satellittvirus).

Kjelde: Store medisinske leksikon (sml.snl.no)

Potato spindle tuber viroid

«Potato spindle tuber viroid» er lista i vedlegg 1 i «Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere». Dette betyr at det er forbode å importere og spreie viroidet i Noreg.

Viroidet vert først og fremst rekna som ein trussel mot norsk tomatproduksjon, fordi det er forbode å importere settepoteter til Noreg.

Viroidet spreier seg med infisert plantemateriale og ved kontaktsmitte.

Karanteneskadegjeraren «potato spindle tuber viroid» er funnen i tomatfrø frå hagesenter. Foto: Silje Kvist Simonsen
Karanteneskadegjeraren «potato spindle tuber viroid» er funnen i tomatfrø frå hagesenter. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.