Hopp til hovedinnholdet

10 kjappe om norsk landbruk

kab0027_cropped.jpg

Kulturlandskap. Foto: Karine Bogstie.

Av Noregs samla landareal er berre 3,2 prosent dyrka jord. Korleis står det eigentleg til med norsk landbruk ved inngangen til 2016? Her får du eit knippe fakta.

I det vi gjekk ut av FNs internasjonale jordår, viser trenden for norsk landbruk færre bruk, mindre jord i arbeid, færre sysselsette og færre husdyr. Kvar driftseining blir stadig større og produksjonen held seg stabil.  

Dette går fram av den årlege NIBIO-publikasjonen «Utsyn over norsk landbruk» som kom ved utgangen av 2015. Her er nøkkeltal frå ulike statistiske kjelder sett saman for å gi eit overblikk over status og utviklingstrendar i landbruket.

 

Og slik står det til

  • Frå 1989 til 2014 er talet på jordbruksbedrifter gått ned frå 99 382 til 42 900

  • I 2014  var gjennomsnittsbruket 230 mål jordbruksareal, i 1999 var talet 147 mål

  • 53 400 var sysselsette i jord- og skogbruk i 2014, ein nedgang på 23 prosent dei siste ti åra

  • Frå 2008 til 2014 auka årsverkinntekta i jordbruket med 56,9 prosent, frå 179 200 til 281 200

  • Talet på mjølkekyr gjekk ned frå 391 000 i 1980 til 229 600 i 2014
    • I same perioden gjekk forbruk av mjølk og meieriprodukt ned, og ligg no på ca. 65 prosent av 80-talsnivå
    • I 2014 er det 31 samvirkemeieri, vel sju av ti meieri er nedlagde siste tjue år
    • Ei gjennomsnittleg mjølkeku gir ca. 1 000 l meir mjølk i 2014 enn ti år tidlegare

  • Frå tidleg på 1980-talet er kjøtforbruket auka med ca. 90 prosent
    • Totalforbruket av storfe, kalv, sau/lam, svin og fjørfe var i 2013 på 358 600 tonn
    • Av dette var 341 500 tonn produsert i Noreg

  • Av ein normalårsproduksjon på 1 mill. tonn norsk korn, går ca. 80 prosent til dyrefôr
    • Talet vil variere med ver og sesong frå år til år

  • 41 prosent av norsk potetforbruk i 2014 vart importert, tilsvarande 53 mill. tonn
    • I 2011 var importen 28 prosent

  • Andel økologisk areal er 4,7 prosent av totalt dyrka areal.
    • Regjeringas mål om 15 prosent økologisk jordbruksareal (og husdyrhald) innan 2020 kan bli krevande å nå

  • Av landarealet i Noreg på 324 mill. dekar, er 43 prosent skog og anna tresett areal. Om lag 83 mill. dekar av dette er produktivt skogareal.
    • Det vart levert 9,8 mill. m3 tømmer til skogindustrien i 2014, eller 920 000 m3 meir enn året før

 

Kven brukar "Utsyn over norsk landbruk"?

Utsynet er retta både mot dei som arbeider med landbruksspørsmål til dagleg, og til dei som og til dei som meir sporadisk treng eit blikk på hovudtal og –trendar i landbruket. 

Mellom brukarane finn vi departement og forvaltning, ulike rådgjevarar, forskarar, høgskular og universitet.

ac17afed-790e-4794-87af-1c9369a0c3b6.jpg
Fra Asmaløy, Hvaler. Foto: Morten Günther.
Tre på telefonen

Kva nytte har du av "Utsyn over norsk landbruk"?

Utsyn_2015-1.jpg NIBIO Rapport: Utsyn over norsk landbruk.

 

Jordbrukssjef i Nærøy kommune, Torhild Libjå:

-  Her finn eg interessant lesing, seier jordbrukssjefen. Utsynet ligg ikkje i skuffen, men framme på pulten. Eg tenkjer å bruke stoff herfrå som ein del av bakgrunnsmaterialet når landbruksplanen til kommunen skal reviderast til våren.

-  Politikarane ønskjer oversikt og eit grunnlag for å samanlikne utviklinga i kommunen med resten av landet. Det finn vi her. 

Rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving i Sør-Trøndelag, Aage Krokstad:

-  Eg brukar Utsynet typisk i møte med bonden for å meine noko om trendar og utvikling i næringa, fortel rådgjevaren.

-  Det er først og fremst eit oppslagverk for dei store tala. I dei daglege små spørsmåla er det Driftshandboka eg bruker mest.
 

Dr.ing. og seniorforskar i Bygdeforskning, Magnar Forbord:

-  For meg gir Utsynet eit samla overblikk over landbruksøkonomien. Her finn eg inngangar til ulike tema og oversikt over aktørane i heile verdikjeda, seier forskaren.

-  Eg har nytta Utsynet til oppslagsverk og kjelde til referansar vidare. Ofte i tilknyting til forskningsprosjekt – til dømes som no, i samband med ein artikkel eg jobbar med på prosjektet Agropro.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.