Hopp til hovedinnholdet

Alm - mat- og fôrprodusent i 5000 år

Alm_Leif-Hauge

Gamle styvingstre av alm er nøkkelbiotopar i kulturlandskapet. Dette står i Kjøsnesfjordenen i Jølster. Foto: Leif Hauge.

Alm har ein sentral plass i mytologi og landskap og i mat- og fôrtradisjon.

Åsagudane Odin, Vilje og Ve gjekk langs ei strand. På denne fann dei to trestokkar som hadde drive i land, den eine ein av ask, den andre av alm. Odin bles pust inn i trestokkane slik at dei fekk liv. Vilje gav dei forstand og rørsle, medan Ve gav dei form, tale og høyrsel. Dei fekk varme og farge, og stokkane forandra seg frå å vere drivved til å bli mann og kvinne. Gudane kalla mannen Ask og kvinna Embla.

Frå desse to stammar i fylgje mytologien alle menneske. Ein tolkar at alm er ei moderne og avleidd form for Embla.

Almen er eitt av våre viktige varmekjære treslag som fyrst og fremst veks i kysttstroka nord til Nordland. I solvarme lier sørpå kan den vekse i over 900 meters høgd. Alm veks sjeldan i reine bestand, oftast saman med andre edle lauvtre som lind, ask og hassel. Alm kan bli opp mot 30 - 40 meter høg og meir enn 400 år gammal.

"Almefallet"

Gjennom vegetasjonshistoriske analysar er det påvist ein omfattande reduksjon i almebestanden i Norge 2000 - 2500 f. Kr. og elles frå Nord-Europa. Ein er ikkje heilt sikker på om det er klimatiske, sjukdomsmessige eller menneskelege forklaringar på dette "almefallet".

Teorien om at nedgangen var eit resultat av ein stor befolkningsauke og etablering i av jordbruk har vore sentral. Ein trong vinterfôr til husdyra, og unge almekvistar med lauv var godt eigna til dette føremålet. Alm brukar 7-8 år på setje blomst, og dermed også pollen. Med ein jamn og omfattande lauvsanking vil delen av almepollen bli minimal og dermed ikkje lenger vere tydeleg i pollendiagramma.

I dag trur ein at det kan vere ein kombinasjon av jordbruksetablering og konsekvensar  av almesjukesoppen (Ophiostoma ulmi) som er forklaringa på "alme-fallet". Spreiing over lengre avstandar skjer med insekt; i Norge mest med almesplintborarar.

Alm til emneved og barkebrød

Almeveden har framifrå kvalitetar. Den er massiv, sterk, hard, vakker og varig og har såleis vore nytta til emneprodukt både til møblar og til reiskap.

Alm (lauv, bark og kvist) har gjennom tidene vore høgt skatta, og brukt både til dyrefôr og til mat til menneske. Almebork (den kvite innerborken) har gjennom historia med avgrensa tilgong på matmjøl vore sanka, malt og nytta som mjølsubstitutt til brødbaking, barkebrød og flatbrød. Særleg i naudsåra 1807-1814 vart det hausta mykje almebork. Almebork sveller og får deigen til å hengje saman. Så seint som i byrjinga på 1900-talet vart det bakt barkebrød i Sognebygdene. Almetre vert ofte kalla "matalmar".

Alm til dyrefôr

Alm har vore høgt skatta som husdyrfôr (Austad et al. 2003). Vi veit at det mellom anna i Sognebygdene på 1930-talet vart planta almetre på mange gardar; på innmarka, langs grenseskiljer og langs vegar for å sikre dyra godt fôr.

Almetrea vart og nytta til rising. Med lite fôr i vårknipa var det viktig å kunne gje dyra friske greinskot, bork og knoppar. Trea vart hausta (unge greiner vart hogne av) med 3-4 års mellomrom.

Almelauv - smakfullt og næringsrikt

Lauving var sers viktig tidlegare. Lauvgreiner vart hogne av trea, samla i kjervar (buntar) og turka. Lauvinga av alm gjekk helst føre seg som styving (toppskot og greiner vart hogne av) med 5-7 års mellomrom. Almelauv er både smakfullt, næringsrikt og har høgast fôrverdi av alle treslaga gjennom vekstsesongen. Almelauv skal og vere rikare på både protein og råfeitt enn høy, samstundes med at trevleinnhaldet er rimeleg lågt. Næringsinnhaldet varierer ein del gjennom sommaren; juni er tidspunktet då lauvet har størst næringsverdi.

Friske, unge greinskot av alm produserer store blad, mykje større enn på gamle greiner. Desse blada har og høgare næringsinnhald enn blad på gamle greiner. Lauvet kunne haustast i åra mellom kvar rising/lauving. Almane vart gjerne "rispa", dvs at ein på seinsommaren/ hausten klatra opp i trea og reiv av blada med hendene. Lauvet datt ned på marka under. Her vart blada raka saman, samla i ein sekk eller kipe, bore heim til løa og turka.

Bast og bork frå alm vart ofte lagt i bløyt for å svelle over natta. Denne "sørpa" vart blanda saman med tørrfôr som høy, lauv eller halm og gitt til husdyra, spesielt mjølkekyr.  

Styvingstre av alm - nøkkelbiotopar i kulturlandskapet

Ved lauving vart trea gradvis forma slik at dei kunne produsere mest mogeleg friskt lauv eller ris. Almetrea kan bli både høge og store. Viktig var det at trea vart tilskorne slik at dei kunne haustast i fleire høgder. På dette viset skugga ikkje greinene for kvarandre og ein fekk maksimal produksjon.

Gamle almar må sjåast på som nøkkelbiotopar i kulturlandskapet. Ein finn dei som solitærtre, i grupper og som allètre, men alm kan og danne tresjikt i viktige kulturmarker som lauvenger og haustingsskogar. Dei er viktige levestader for eit mangetal lav-, mose- og soppartar. Gamal daud ved og innhóla stammer, gjer dei og til viktige levestadar for insekt og holerugande fugleartar.

Alm-3_Leif-Hauge.jpg
Gamle styvingstre av alm på Linde ved Balestrand. Bildet er teke i 1990. Foto: Leif Hauge

Litteratur:
Austad, I. & Hauge, L. 2003. Lauving-en driftsform med tradisjoner. I Austad, I, Braanaas, A og Haltvik, M (red.): Lauv som ressurs. Ny bruk av gammel kunnskap. HSF rapport nr. 4/03. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatterne:

Leif Hauge er førsteamanuensis i vegetasjonsøkologi og Ingvild Austad professor emerita i landskapsplanlegging ved Høgskulen på Vestlandet der dei begge arbeider med problemstillingar knytte til det tradisjonelle kulturlandskapet.

Alm-2_Leif-Hauge.jpg
Arne Lee ”rispar” alm for å få ekstra vinterfôr. Bilde frå Framfjorden i Vik i 1995. Foto: Leif Hauge
Les mer om Alm