Hopp til hovedinnholdet

Maskinbygg - vår første foredla plantesort

Maskinbygg-1_Petter-Marum

Maskinbygg i forsøksruter hos foredlingsselskapet Graminor. Som bildet viser er sorten utsatt for legde. Foto: Petter Marum

Når det er tid for å bryggja til jul høver det å minnast Maskinbygg, ein byggsort godt eigna for brygg og samstundes Noregs første sort frå moderne planteforedling.

Med mogleg unnatak av den varme bronsealderen, har bygg vore hovudkornet her i landet, som elles i midt- og nord-Skandinavia. Ordet korn var som oftast synonymt med bygg, slik det er i Sverige i dag. Bygg var sjølve krumtappen i kosthaldet, både til flatbrød (braud) eller graut, og til øl.

Dagens byggproduksjon her i landet går så å seie 100% til kraftfór. Alt maltbygg til øl blir importert. Grunnen er at krava til godt maltbygg er svært strenge og ikkje lette å oppfylle i vårt klima.

Byggkorn til malting

Krava frå bryggeria til godt malt er mangfaldige. I ølbrygging er det to uavhengige steg: først malting med byggkorn som råstoff, så brygging med maltet som råstoff. Malt er bygg som er spira i 5-7 dagar til korna blir mjuke og celleveggane oppløyste. Så blir dei tørka ved rask oppvarming og malne i ei kvern. Då kan maltet bli brukt i brygging av øl. Malt er haldbart og kan altså bli kjøpt eller importert. Svært få bryggeri har eigne malteri.

I maltinga må alle korna spire raskt, - så fort at stivelsen ikkje rekk å bli broten ned til sukker. Det er jo gjæren sin jobb i brygginga! Byggkorna må derfor vere stivelsesrike. Vidare må dei aktive enzyma som kan bryte ned stivelsen overleve når maltet blir varma opp og tørka. I den første fasen i brygginga - meskinga - bryt dei ned stivelsen til maltsukker, som så gjæren kan gå laus på.

Strenge krav til godt maltkorn

Dei mange krava til godt malt er ikkje lette å oppfylle samtidig, og foredlinga er komplisert. Dessutan er rask spiring i strid med målet om at bygget må tole å bli vått ute om hausten utan at korna tar til å gro. Då blir nemleg stivelsen broten ned ute! Derfor er godt maltbygg som regel avla i klima med langt tørrare haustingsforhold enn hjå oss.

Alt hanseatane oppdaga at det her i landet var marknad for importert malt (og øl). I året 1577-78 blei det til Bjørgvin innført 4000 tønner malt og 13000 tønner øl. Tvillaust var atskillig av dette til dei 2000 kresne tyskarane som budde i byen, men ein del gjekk nok ut på bygdene.

Den første tommelfingerregelen

Nordmenn flest fekk nok helst avle sitt eige malt, men det var strenge krav, - særleg til brygginga før jul. Spirehemmande gen fanst truleg i mange sortar, men dei kunne bli oppheva ved varm tørking inne i badstoge eller bryggerhus. Verre var det å passe temperaturen så enzyma ikkje leid skade. I moderne bryggeri blir industrielle enzym ofte sett til for å bryte ned stivelsen.

Maltet kunne bli skadd av varmgang under spiringa eller for sterk varme ved tørkinga og så meskinga. Til det siste blei den såkalla tommelfingerregelen nytta; Var det for varmt i meskekaret, klarte ein ikkje å stikke tommelen oppi. Det var som hjelpemiddel i meskinga at termometeret på 1700-talet erstatta denne "regelen".

Første godkjende sort i 1916

Det fanst eit stort tal landsortar (gardsstammer) av bygg her i landet, meir eller mindre ulike i mogningstid, malteigenskapar, avlingsnivå osb. Den første fasen av landbruksforskinga gjekk ut på å samle inn landsortar og finne dei beste av dei. Innanfor desse valde ein så ut lovande enkeltplanter, såkalla reinline-utval.

Professor Werner Christie gjorde dette i bygg, og sorten med det moderne namnet Maskin blei vald ut i ein landsort frå garden Bjørneby i Solør i Finnskogen. Maskin var den første norske byggsorten som kom ut etter offentleg prøving og godkjenning, i 1916.

"Gullstandarden" for malt

Christie la mest vekt på dei agronomiske eigenskapane, og sorten blei ein stor suksess og var dyrka i Trøndelag fram til 1964. Då Mendels lover blei gjenoppdaga i år 1900, var Christie den første som tok dei i bruk i foredling av nye sortar. Gjennom kryssing kunne ein nemleg skape nye genkombinasjonar, betre enn dei ein før hadde. Etterfylgjaren Haakon Wexelsen spela her ei vesentleg rolle. Maskin blei kryssa med den svenske Asplund, og avkomet Varde blei ein endå viktigare sort. Desse var alle seksradsbygg.

Christie eller Wexelsen la knapt stor vekt på heimebrygginga, som på den tid var i sterk tilbakegang. Maskin kom likevel til å få mykje å seie i bryggerinæringa fordi han fekk verdfulle avkom. Den blei nemleg opphavet til toradssorten Domen, som så utvandra til Amerika. Der oppdaga dei fort kvaliteten som maltbygg, og Domen kom i omfattande dyrking i Canada. Der var to avkom. "Barnet" Klages og så "barnebarnet" Harrington var inntil 90-talet "gullstandarden" for godt malt. Begge desse utmerkar seg ved å ha svært varmebestandige enzym (beta-amylase). Kvar kom så dei i frå?

Med innvandrarar frå øst

Den finske bygg-genetikaren Hannu Ahokas har vist at varmebestandige enzym finst i finsk bygg. Dette kan ha meir å gjere med naturleg utval i åkrane, enn med lovprisinga av øl og bygg i Kalevala. Han viser til at når skogen blei svidd av kunne jordtemperaturen bli svært høg i vårsola.

Dermed måtte bygget spire i så varm jord at det blei eit naturleg utval for - varmebestandige enzym! DNA-analysar viser at Maskin er i nær slekt med finsk bygg, så innvandrarane må ha hatt både svedjerug og bygg med seg. Slik kan det finske svibruket ha medført godt maltbygg langt ut over landets grenser, - først til Finnskogen, så i norsk foredling og så til Amerika.

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Åsmund Bjørnstad er professor i genetikk og plantebiologi ved NMBU på Ås der han blant anna underviser i planteforedling. Han er også lyrikar og forfattar og har blant anna gjeve ut bøkene "Korn - frå steinalder til genalder" og "Vårt daglege brød".

Maskinbygg-2_Petter-Marum.jpg
Aks av byggsorten 'Maskinbygg'. Foto: Petter Marum
maskinbygg.JPG
Aks av 'Maskinbygg'. Foto: Petter Marum.