Hopp til hovedinnholdet

Grindstad timotei – frå gardsstamme til hovedsort i Sør-Norge

Grindstad-Timotei_Petter-Marum

Grindstad timotei - landsorten som feiret 100-årsdag i 2016. Foto: Petter Marum

Timotei er vår viktigaste fôrplante og framleis er den gamle landsorten Grindstad den mest bruka sorten i Sør-Norge.

Timotei kan me finne vill i naturlege enger og beite, der den veks saman med andre grasartar og urter. Men det var då ein starta å dyrke gras at timoteien fekk si store rolle i grasproduksjonen. På byrjinga av 1700-talet vart det dyrka timotei i Nord Amerika. Det var sannsynlegvis utvandrarar frå Europa, og då helst frå Sverige som hadde tatt med frøet dit.

Frå USA kom timoteidyrkinga først til England, og vart derifrå introdusert til andre land i Europa. I Norge har timotei vore dyrka i om lag 200 år, men det var først frå 1860 at kunsteng starta å bli vanleg, og då først på flatbygdene på Austlandet. Det meste av frøet som vart brukt var importert og timotei var den vanlegaste arten.

Betre overvintring med eige frø

Men det utanlandske timoteifrøet gav ei eng som var lite varig under norske forhold, og bøndene oppdaga fort at dersom dei produserte frøet sjølv vart enga etter kvart meir vintersterk og varig. Den innanlandske frøproduksjonen auka jamt. I 1890 var forbruket av engfrø 1125 tonn og av dette var berre 350 tonn importert (Vestad, 1952). Frø av timotei kan dyrkast stort sett over heile landet, men dyrkinga har hatt størst omfang på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag.

Slik oppstår ein lokalsort

Timotei er kryssbefruktar som dei fleste andre grasartane i norsk landbruk. Ein timoteipopulasjon består av eit utal ulike genotypar med ulik dyrkingsverdi og ulike eigenskapar. Under ulike klima og dyrkingsforhold vil nokre genotypar klare seg betre enn andre og etter fleire års dyrking og frøproduksjon på same staden vil ein få ei såkalla gardsstamme eller lokalsort.

Innsamling til genbank

Både i Sør-Norge og i Nord-Norge hadde me tidlegare fleire lokalsortar (Vestad, 1952). Bruken av det store mangfaldet av lokalsortar her i landet vart sterkt redusert frå 1950. Det var enklare å kjøpe frø av nye foredla sortar, og dei gav også større avling. Nordisk Genbank vart oppretta i 1979, men for seint til å få bevart lokalsortane i engvekstene.

Sidan me ikkje hadde dei gamle lokalsortane vart det sett i gang eit stort innsamlingsarbeid i Sør-Norge i 1980-81 der ein samla inn lokale populasjonar i gamle enger. Ein håpa på den måten å få samla inn restar etter ein del av dei gamle landsortane. Dei innsamla populasjonane vart frøformert og lagra i Nordisk Genbank (no NordGen), og dei har vore brukt i arbeidet med å foredle nye sortar.

Timoteisorten Grindstad

Bruken av dei lokale gardsstammene er altså historie. Men gardsstamma frå ein gard i Rakkestad har utvikla seg frå å vere ein landsort til å bli hovudsort i Sør-Norge. Grindstad timotei har vore i sal sidan 1916, men historia startar i 1860.

På den tida var nabogarden til Grindstad, Haslem, brukt som landbruksskule. Der importerte dei frø av timotei frå Skottland som dei testa og brukte på garden. Eigaren av Haslem var nevø av eigaren på Grindstad gard. Derfor var det naturleg at den skotske timoteien også vart prøvd der, og sannsynlegvis er dette opphavet til sorten Grindstad.

Frøsal i 1890-åra

Det første frøet av Grindstad vart selt i 1890-åra, og i rekneskapen frå garden kan ein finne at i 1898 vart det selt frø for 69 kroner. I 1914 starta Selskapet for Norges vel å organisere frøproduksjonen av engvekster, og produksjonen av Grindstad auka. I 1916 vart det første registrerte frøet selt, og alderen til sorten blir rekna ut i frå dette året.

Frøet av sorten Grindstad vart produsert på samme måten som bøndene dyrka frø til eige bruk på den tida. Det vanlege var å sette til side den beste delen av enga til frøproduksjon. Dette kunne bli gjort etter eit eller fleire år med fôrproduksjon, som på den tida var høy.

Nye sortar kom i bruk

Resultatet av dette var at det var dei plantene som hadde klart seg best det vart hausta frø på. Over tid og mange generasjonar tilpassa Grindstad seg klima og driftsmåte. Tidleg på 1960-talet kom det nye foredla sortar som var betre enn Grindstad. Dette var først og fremst sorten Forus som vart godkjent i 1964, og frøsalet av Grindstad stupte.

Men ein gong tidleg på 1960-talet starta Carl Fredrik Grindstad, far til dagens eigar, å behandle timoteienga si på ein måte som skulle forbedre sorten. Han var inspirert av eit foredrag av kornforedlar Erling Strand på Norges Landbrukshøgskule. I det nye driftssystemet på Grindstad gard vart timoteienga hausta til silo første og andre engåret, og tredje engår vart det hausta frø.

Grindstad-Timotei-3-Petter-Marum.jpg
Timotei er et godt beitegras som kua liker godt. Foto: Petter Marum

Kraftig seleksjonspress

Frøet vart brukt til å etablere ny eng som gjekk gjennom den samme behandlinga. Kvar frøproduksjonssyklus varte i fire år. Dette var ei mykje tøffare behandling enn den tidlegare høyproduksjonen. Timoteiplantene vart utsett for eit kraftig seleksjonspress, og i dei to til tre første syklusane såg enga svært tynn og dårleg ut.

Men Grindstad timotei svara på behandlinga, og etter kvart som utvalet av dei best tilpassa plantene gjekk sin gang, vart enga betre. Først på 1980-talet starta Grindstad å gjere det bra i den offisielle verdiprøvinga, og i dag er Grindstad timotei den beste timoteisorten i Sør-Norge og i delar av Sverige og Finland. I 2008 var meir enn 60 % av timoteifrøet selt i Norge Grindstad.

Godkjenning av sortar

I 1994 vart Norge medlem av den internasjonale unionen for rettsbeskytting av nye plantesortar (UPOV). Ein sort kan rettsbeskyttast når den kan skiljast frå andre kjente sortar, er einsarta og er stabil slik at den beheld sine karakterar ved formering. Dei samme krava gjeld for ein sort som skal stå på norsk sortsliste og godkjennast for statskontrollert produksjon.

Sorten Grindstad er ikkje stabil fordi den har endra seg over tid pga måten frøet blir produsert på. Derfor har Grindstad no vorte delt i ein "konservert" sort (= Grindstad) og ein populasjon som fortsatt får utvikle seg og tilpasse seg klima og drift. Denne populasjonen kan bli prøvd i offisiell verdiprøving under eit nytt namn. Men inntil den tid er "gamle" Grindstad god å ha for bøndene i Sør-Norge.

 

Litteratur:
Vestad R. 1952. Norske timoteistammer og stammeforsøk i de forskjellige landsdeler. Forsking og forsøk nr.4, s 55-78.

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Kristin Daugstad er forskar i NIBIOs divisjon for matproduksjon og samfunn og har kontorsted ved NIBIO Løken i Valdres. Daugstad har samarbeidet med Norsk genressurssenter om prosjekter knyttet til genressurser i engvekstene.

Grindstad-Timotei-2_Samvirke,-Felleskjøpet-Agri.jpg
Tollef Grindstad, - siste generasjon i en lang rekke eiere av Grindstad gård som har utviklet Grindstad timotei til vår mest suksessrike landsort. Foto: Samvirke/Felleskjøpet Agri