Bjørnebær - 40 artar og stort mangfald

Bjørnebær_Åsmund-Asdal

Bjørnebær høyrer til rosefamilien og blomstrar ofte rikt. Visste du at gjæra bjørnebærblad er ein god tetilsetning og inngår i mange av dei teblandingane som er å få kjøpt? Foto: Åsmund Asdal.

Bjørnebær kan vere ei "pest og ei plage" med sin agressive vekst og kvasse tornar, men kan ôg freiste med flotte, søte svarte bær.

Det var dei gamle romarane som gav bjørnebæret namnet Rubus, noko som tyder "med raude frukter" og som passar eigentleg best på bringebær. Fruticosus betyr buskaktig. Linné nøygde seg med samlenamnet R. fruticosus på alle bjørnebærartane, og for dei fleste av oss andre er dette tilstrekkeleg. Forsøk på å sortere i bjørnebærvrimmelen gjer oss kanskje meir forvirra enn kloke.

Litt systematikk

Bjørnebær er eigentleg eit samlenamn på mange ulike, men nærståande artar. Bjørnebærslekta inneheld også blåbringebær, bringebær, tågebær, åkerbær og molte ved sidan av bjørnebær. Bjørnebær tilhøyrer rosefamilien og er viltveksande over store delar av den nordlege halvkula. Der er stor variasjon mellom dei ulike artane, og innanfor bjørnebær-gruppa kan ein finne alt frå eviggrøne subtropiske planter til lauvfellande typar som overlever under arktiske forhold. Dei fleste artane høyrer opprinneleg heime på den nordlege halvkula, men det finst også artar i tropiske fjellregionar på den sørlege halvkula (Havstad, 1993).

I norske floraer er det vanleg at underslekta Rubus vert delt inn i tre seksjonar; Seksjon Caésii (blåbringebær), seksjon Rubus (ekte bjørnebær) og seksjon Corylifólii (småbjørnebær). I heile verda finst det omlag 400 artar eller omlag 3000 om ein tek med alle småartane.

Vekstform og utsjånad

Bjørnebærplantene er alle fleirårige buskar eller halvbuskar med lange jordstenglar og opprette, ofte bøygde skot. Sjeldnare ligg skota på bakken. Skota vert noko vedaktige andre året og ber då blomster og frukter på sidegreinene. Etter fruktmogninga andre året døyr skota som hos bringebær.

Skota er oftast 1-4 meter lange, trinne eller kantete og er som regel utstyrt med eit vell av kvasse, rette eller bøygde tornar. Ved hjelp av tornane hektar skota seg fast i buskar og tre. På den måten held dei seg lettare opprette. Tornane vernar også mot beitedyr.

Kjenneteikn på blad og skot

For å skilje ulike bjørnebærartar frå kvarandre, må ein studere både dei vegetative årskota og dei blomstrande sideskota på toårige eller fleirårige skot. Både forma på tornane og ulike hårlag varierar mykje på dei to skottypane.

Blada er oftast 5-kopla, sjeldan 3-kopla eller 7-kopla med korte eller lange småbladskaft. Både bladskaft og hovudnerva på undersida av småblada er ofte kledd med kvasse tornar. Småblada er oftast heile med ujamne kvasse tenner langs randa, sjelnare er småblada noko flika. Blomstene er 2-5 cm i diameter. Dei har 5 grøne eller kvitlodne begerblad, 5 kvite eller rosa (sjeldan sterkare raudfarga) kronblad og ei mengde pollenberarar.

Pollinering og frøutvikling

Bjørnebærblomsten sin oppbygnad har betydning for pollineringa. Kronblada har ein flat og open stilling, noko som fører til at blomsten sin nektar ligg lett tilgjengeleg for insekt, også dei utan sugesnabel. Bjørnebærblomsten har forholdsvis stor produksjon av nektar og pollen, og er difor ettertrakta av mange insekt som bier, humler og blomsterfluger.

Alle dei viltveksande norske bjørnebærartane har apomiksi og då fakultativ apomiksi og dessutan oftast pseudogami. Apomiksi vil seie at frøa vert utvikla utan at ein hannkjerne frå pollenslangen smeltar saman med ei eggcelle slik som tilhøvet er ved all normal kjønna formeiring.

Komplisert formeiring

Fakultativ tyder valfri eller både/og, det vil seie at bjørnebæra har apomiksi nokre gonger, men ikkje alltid. Pseudogami vil seie at pollinering er nødvendig for normal frø-utvikling sjølv om det ikkje trengst genetisk materiale frå "hannen". Eller sagt på ein annan måte; pollinering utan befruktning av eggcella er nødvendig for normal frøutvikling (Lye, 1995).

Bjørnebærplanta driv altså ei form for kloning med frø som har same genmateriale som morplanta. Dei minste variasjonar nedarvast dermed uforandra og det utviklar seg mange nesten identiske artar. Er det rart botanikarane får "grå hår"?

Fruktutvikling og frukta

Kvar blomst har mange frie (ikkje samanvaksne) fruktknutar, og etter befruktning utviklar kvar fruktknute seg til ei delfrukt. Kvar slik delfrukt er eigentleg ei sjølvstendig steinfrukt på lik linje med plomme og kirsebær. Bæret er sett saman av fleire slike delfrukter (steinfrukter) som er festa til ein frøstol (blomsterbotnen).

Ved mogning veks frøstolen saman med bæret. Dette fører til at frøstolen følgjer med frukta ved hausting. Bjørnebæret er difor ikkje innholt slik som bringebæret. Bjørnebæret er tett og fast, og toler dermed noko betre ytre trykk og lagring.

Bjørnebær-3_Åsmund-Asdal.jpg
Søtkirsebær (R. plicatus) er en av de omlag 40 bjørnebærartene i Norge med best bærkvalitet. Bæra er svært søte og gode. Foto: Åsmund Asdal

Lang mogningstid

Utviklinga av bjørnebæra skjer på same måte som med bjørnebærblomstene. Bæra som sit lengst ute i blomsterstanden mognar fyrst, medan dei inste bæra sjeldan vert mogne. Bær som tilhøyrer blomsterstandar nær toppen av planta mognar også tidlegare enn bær frå underliggande blomsterstandar. Mogninga av bæra skjer i perioden august-oktober, ein ganske lang periode med andre ord (Havstad, 1993).

Den svarte fargen i bjørnebæra stammar frå ulike antocyanin-pigment. Antocyaninfargen vert fyrst utvikla i dei ytste cellene av frukta dvs. i celler som er utsett for sollys. Difor kan det ofte vere vanskeleg å vete om bjørnebæret er mogna heilt igjennom, eller berre i dei ytste cellene. Smaken er søt og aromatisk ved god mogning og spesielt etter ein lang og varm vekstsesong.

Veksevilkår

Dei norske bjørnebærartane har nokså einsarta vekseplassar. Ein finn dei gjerne i ope eller halvope lende i kratt og skogkantar, svært ofte langs vegar og mot bergveggar. Ytst på kysten veks dei også i open lynghei og på lune stadar, stundom mest ned i strandsona, men noko særleg sjøsprøyt toler dei ikkje. Veks bjørnebærplanta i tettare skog, blomstrar dei lite og har dårleg fruktsetjing. Då tornane vernar plantene mot beiting, kan bjørnebær også vere vanlege på beitemarker. Dette er såleis ein varmekjær art som likar seg best på solvendte plassar med djup jord og vasstilgang.

Utbreiing og status i Norge

I Norge finn ein viltvoksande bjørnebær i kyststroka frå Østfold til Aure i Møre og Romsdal. Inn i landet er det registrert bjørnebær så langt som til Flå i Hallingdal. Tilsaman er det funne 40 artar av bjørnebær i Norge (Espedal, 2002). Av desse er truleg 34 naturleg viltvoksande, samt to artar som er naturalisert. To artar er kasta ut av hagar (forvilla) og ein art er adventiv.

Av dei 40 viltvoksande artane har skogbjørnebær (R. nessensis) og rukkebjørnebær (R. scissus) nordgrense i Møre og Romsdal, søtbjørnebær (R. plicatus) og surbjørnebær (R. sulcatus) når Sogn og Fjordane og norsk bjørnebær (R. nemoralis) Hordaland. Dei andre artane finst berre frå Oslofjorden til Rogaland, med flest artar i Agder.

Mange sjeldne artar

Ei rekkje artar som veks i Norge finst berre i ein einaste kommune. Krattbjørnebær (R. langeii) i Tvedestrand (berre i Lyngør), skotsk bjørnebær (R. fissus) i Lillesand (berre i Høvåg), krypbjørnebær (R. sprengelii) i Mandal (berre i Tregde), tysk bjørnebær (R. muenteri) i Lyngdal (berre i Korshamn), R. steracanthos berre i Grimstad (ved Groos), mørebjørnebær (R. echinatus) er kun funnen på Giske rett vest for Ålesund i Møre og Romsdal og R. lendleyanus er berre funnen i Kragerø (ved Valberg).

Dessutan er det funne 7 småbjørnebær (småartar eller lokalartar). Ikkje alle av dei har fått noko norsk namn enno. Småtannbjørnebær (R. kistevigensis) og strandbjørnebær (R. firmus) er begge funne nær Homborsund i Grimstad, og er dei einaste forekomstane av desse to artane. Voksbjørnebær (R. glauciformis) er berre funnen i Korshamn, Lyngdal, og listabjørnebær (R. listaensis) er berre funnen på sør-austsida av Listahalvøya. R. nemorosus og R. fabrimontanus veks kun i blanding ved Brekke sluser i Halden. R. slesvicensis er det berre funne eit par buskar av på Kråkerøy utanfor Fredrikstad.

Mange artar er raudlista

Mange av artane har berre ein eller eit par vekseplassar, dvs. ei svært begrensa utbreiing. I tillegg er bjørnebæra sine vekseplassar ofte utsett, både på grunn av endringar i arealbruk på eller inntil jordbruksmark, eller på grunn av at areal i pressområder brukast til andre formål.

Etter ei kartlegging og vurdering av bjørnebærartane i Norge (Espedal 2002) vart 19 av artane me har i Norge definert som truga eller svært truga. Som følgje av dette arbeidet vart det i 2005 etablert ei flott bjørnebærsamling ved Bioforsk Øst Landvik, Grimstad. Samlinga består av i overkant av 20 ulike artar og typar.

Desse vart samla inn frå området rundt Oslofjorden og sørover til Vest-Agder. Formålet med denne samlinga er ikkje berre å bevare truga artar. Den kan også brukast til vidare granskingar og kanskje er det nokon av desse artane som i framtida kan brukast til foredling eller andre bruksformål i framtida.

KONTAKTPERSON
Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Ingunn Espedal er ansatt på Universitetet i Agder. Hun har bl.a. hatt ansvar for prosjektet "Kartlegging av ville bjørnebærartar i Norge" i 2002 og for kartlegging og innsamling av gamle fruktsortar på Sørlandet. Begge i samarbeid med Norsk genressurssenter. 

Bjørnebær-2_Åsmund-Asdal.jpg
På øyene i Oslofjorden og nedover sørlandskysten vokser mange varmekjære bjørnebærarter. Dette er arten raspbjørnebær (R. radula). Foto: Åsmund Asdal
Bjørnebær Blom Juni 2006.JPG
Bjørnebærblomst i juni. Foto: Finn Måge.

 

  

  

  

  

  

  

  

  

   

 

Bjørnebær Bær Korg M 22.09.07.JPG
Nokre stader finns store bestand av bjørnebær og fangsten kan bli betydeleg. Foto: Finn Måge.
Bjørnebær-5_Åsmund-Asdal.jpg
Ei handfull søte bjørnebær ein dag tidleg i september er ei smaksoppleving av dei sjeldne. Foto: Åsmund Asdal

 

 

  

Bjørnebær-4_Åsmund-Asdal.jpg
Ved NIBIO Landvik i Grimstad er det, i samarbeid med Norsk genressurssenter, oppretta ei samling av sjeldne og truga bjørnebærartar. Så mange som 17 artar av bjørnebær er raudlista i Norge. Foto: Åsmund Asdal
Bjørnebær E 28.08.08.JPG
Bjørnebær eignar seg godt som espalierplante mot ein solvendt vegg. Foto: Finn Måge.

Spreiing av bjørnebærartar

Bjørnebær "spisespreiast" på same måte som hyllebær, ved hjelp av fugl. Eit døme på ein bjørnebærart som må vere spreidd på denne måten er norsk bjørnebær (R. nemoralis) som ein finn mykje av på Vestlandet. Denne arten må opprinneleg vere innført under fuglane sitt vårtrekk og då den kortaste vegen over havet, nemeleg frå Skottland.

Det finst også andre britiske bjørnebærartar som må ha komme til Norden med same trekkrute som R. nemoralis, og som i ettertid har etablert seg i eit geografisk område begrensa av klimatiske forhold. Difor er det ikkje minst langs kysten av Sør-Norge og Bohus Län ein finn mange av desse artane.

Kjem med fuglane

Arten skotsk bjørnebær (R. fissus), som er vanleg i Skottland, var ukjent på det europeiske fastlandet heilt fram til 1990 då den vart funnen øst og vest for Kristiansand, mest truleg spreidd med fugl. Den rike forekomsten av klobjørnebær (R. lindebergii) på Sørlandet synest også å vere av nordbritisk herkomst. Det same må det isolerte funnet i 1990-91 på Øland og ved Fjerritslev i Sverige vere.

For eventuelt å oppdage nye artar for Norge bør ein undersøkje grundig tydelege rasteplassar som trekkfuglane brukar år etter år når dei kjem hit til landet att om våren. Her kan det sikkert vere enkelte uoppdaga forekomstar.

Ballastplante

Andre måtar bjørnebærartar kan ha komme til landet på er evt. som ballastplanter frå gamalt av. Enkelt funn (Hurum) kan tyde på at arten har fulgt med som "blindpassasjer" t.d. på tømmerlast frå England. Elles har enkelte artar spreidd seg frå hagar der folk har planta dei for lenge sidan og seinare rydda dei bort, medan arten lever sitt eige liv på utsida av hagegjerdet. Døme på slike artar er armenbjørnebær (R. armeniacus) og flikbjørnebær (R. laciniatus).

Folkemedisin og overtru

Det er ikkje mykje norsk litteratur om korleis bjørnebær vart brukt i eldre tid. Kanskje ikkje så rart når ein ser på kor lite utbreid denne planta er hos oss.

Innan medisin er det særleg blada som har vore brukt, og allereie på Hippokrates tid (ca.460-377 f.kr) var bjørnebær ei kjent medisinplante, særleg i behandling av sår. Blada inneheld mykje garvestoff som har ein samantrekkande verknad, og gjer dei gode til sårbehandling. Friske, knuste blad vart derfor lagt på sår, utslett og verkebyllar.

Gurglevann og te

Avkok av blad vart brukt som ansiktsvatn og som gurglevatn mot betennelse i munn og svelg. Te av blada vart brukt ved katarr, diaré, tarmbetennelse, mageblødning, blodgang. Bæra verka beroligande og vanndrivande, og bjørnebærsaft var god mot diaré, hermorroider og ormebitt.

I England er det gamal folketradisjon at ein ikkje må ete bjørnebær etter mikkelsmesse (29. sept). Dette var tida då djevelen var ute og sverta bæra. Noko liknande finn ein i Danmark. Der vart det sagt at bjørnebæra var giftige etter mikkelsmesse fordi fanden då var ute og smurte skoa sine med bær. At bjørnebær vart kopla med djevelen har nok samanheng med fargen.

Svart vart sett på som djevelen sin farge, svarte bær var dermed farlege, til og med giftige og var noko ein skulle halde seg unna. Særleg i Møre og Romsdal finn ein lokale namn på bjørnebær som tyder på at dette var "skumle saker"; trollbring, trollbrogn og trollbær. Andre lokale namn andre stadar i landet er; bjønnbær, bjønnkjeksbær, bjønnlegg, brannbær, kjeksbær, kølabær, jonsokbær, jønsebær.

Mat og drikke

Å plukke ville bjørnebær rett frå busken er forbeholdt eit fåtal av oss som bur i Norge. Det er synd for det er like fantastisk kvart år å fylle handa med dei første solvarme, svarte og søte bæra og proppe i seg. Å hauste bjørnebær på det rette stadiet er ikkje alltid like lett å treffe, men får ein det til er det ein herleg opplevelse. Det er berre å fråtse og glede seg over ein slik skatt til tross for opprispa armar og leggar.

Bæra utviklast over ein lang periode og må derfor haustast i fleire omgangar. Aromaen og sukkerinnhaldet er best i fullmogne bær. Ikkje berre i frisk tilstand er bæra gode, men dei eignar seg godt til både syltety, paiar, gelé, smoothie, saft, vin og likør. Sukra bjørnebær kan frysast ned og nytast utover vinteren t.d. lune ved sidan av is!

Innhaldet av antioksidantar er betydeleg (5 mmol pr. 100 g friskvekt) så helseeffekten er stor. Derimot er innhaldet av vitamin relativt lågt. Særleg legg ein merke til det låge innhaldet av C-vitamin (12 mg pr. 100 g friskvekt). Berre hagtorn, slåpetorn og tytebær har eit lågare innhald. Innhaldet av mineral som kalsium, kalium og magnesium er godt over gjennomsnittet hos saftige frukter (Valset, 1976). Gjæra bjørnebærblad er kjent som ein god tetilsetning og inngår i mange av dei teblandingane som er å få kjøpt.

Litteratur
Espedal, I. 2002. Kartlegging av ville bjørnebærartar i Norge. Forprosjekt utført for Genressursutvalget for planter.
Havstad, L. T. 1993. Bjørnebær. Vekst og utvikling. Faginfo nr. 10/93, Statens fagtjeneste for landbruket.
Lye, K. A. 1995. Bjørnebær i Norge. FAGNYTT, naturforvaltning nr. 7/95
Valset, K. 1976. Ville vekster - nyttige frukter. 195 s. Det norske hageselskapet, Grøndahl og Søns forlag