Hopp til hovedinnholdet

Torstein

Torstein_Finn-Måge

Foto: Finn Måge

Historia om Torstein-eplet er ei fin, men litt vemodig historie som illustrerer mykje av utviklinga i norsk fruktdyrking. Sorten Torstein har vore mellom våre aller viktigaste eple i omtrent 200 år, men nå er denne epoken slutt. Eit av dei første trea av sorten Torstein skulle vera planta i Opedal i Hardanger omkring 1760 og har namn etter Torsten Larssen Oppedal. Det kan hende at sorten var importert frå Danmark, men det kan vere like truleg at den var framkomen i Hardanger. Mortreet hadde ikkje spor etter poding, og det kan tyde på at det var spirt frå frø. Men på den andre sida blei epletre formeira med avlegging den gong, og då blei det heller ikkje podeknute. Vi kjenner ikkje til nokon sort i Danmark som liknar Torstein.

Viktig handelssort

Torstein blei spreidd frå treet i Opedal, og var den største handelssorten i Noreg nest etter Gravenstein heilt fram til omkring 1980. På 1960 talet var fjerdeparten av epla som Gartnarhallen omsette av sorten Torstein. Det var stort sett fruktlagera i Hardanger, Sogn, Nordfjord og Valldal som hadde Torstein, men den blei dyrka over Austlandet også. Utover etter 1960 blei det produsert meir og meir av ein raud type, raude eple var lettare å selje.

Ein gong skreiv Olav H. Hauge eit dikt der dei første strofene lyder:
"Eg hogg ned den store apalen utafor glaset. / Han skygde for utsyni, det var eitt, det /
vart skumt i stova um summaren, dessutan /  vilde ikkje Gartnarhallen ha / Flaskeeple lenger".

I dag er sorten Torstein på veg til å bli historie, og diktaren kunne gjerne ha byta ut Flaskeeple med Torsteinseplet, - Gartnarhallen vil ikkje ha det lenger.

Holdt seg til langt på våren

Tre av Torstein blei store, med ei rund og vid krone. Etter planting tok det nokre år før dei byrja å bere, sidan gav trea stor avling, og blei rekna for å vera helst lette å dyrke. Rett nok var greiner og stamme utsett for kreft, og fruktene fekk skurvflekker. Den tid dei sprøyta som verst med svovelkalk, gjekk avlinga ned på grunn av bladskade. Men når nye, syntetiske og milde soppmidlar kom i bruk, svinga avlinga seg opp som aldri før. Frukta var berre middels stor, med ei noko flatrund og fin form. Grunnfargen kunne bli varmt gul, og store deler av frukta utvikla raud dekkfarge. Smaken var rekna for å vera bra, men det alle viktigaste med sorten var at fruktene var faste, og dei var svært lagringsdyktige. Kjellarlagra Torstein kunne etast til langt fram på våren.

Dei høge trea med slengete greiner, gjorde frukta utsett for vind, hauststormane førde til mykje presseple. Hardanger frukt på Aga laga i si tid ein eplemost som blei kalla GraTo, namnet visar at råstoffet var sortane Gravenstein og Torstein.

"Gamalmodig smak"

Etter kvart blei det vanskeleg å selje sorten, og Torstein blei tillagd mange mindre gode eigenskapar. Særleg blei det hevda at smaken var  gamalmodig og aromaen svak. Sorten var innarbeidd, og hadde sine tilhengarar, slik at det tok tid å få den bort. Ja, til og med i 2002 blei det meldt inn nokre tonn til omsetningsledda.

Dei som driv planteforedling har prøvt å ta vare på Torstein sine gode eigenskapar. Men så langt har det ikkje lukkast å få fram gode avkom etter sorten. Det er trist, vi kunne gjerne hatt eit eple som blir fullt utvikla i alle år, og som har Torstein sine gode lagringseigenskapar.

Torstein-2_Knut-Sakshaug.jpg
Foto: Knut Sakshaug