Hopp til hovedinnholdet

Håkonseple

Håkonseple_Petter-Garås

Foto: Petter Garås

Håkonseple er ein sort som oppsto frå frø på begynnelsen av 1900-talet. Eplet var godt, og det fekk ei viss utbreiing i Hardanger.

Historia om korleis eplet oppsto er teken frå gards- og slektssoge for Jondal kommune som kom ut i 2003 og er som følgjer:

Kring 1905 kom det nokre eple til småbruket Sjøtun i Jondal kommune som nokon hadde hatt med frå ei sjøferd. Guro Olsdotter på plassen Sjøtun planta kjernene i ein tresko, som truleg stod ute om vinteren. Sidan spira det av frøa, og svigersonen Nils Sjøtun den yngre tok seg av plantene.

Då dei tok til å bera frukt, vart det eit uvanleg godt eple. Guro ville det skulle kallast Sjøtuneple, men Nils meinte det skulle heita Håkonseple etter kongen som nett var komen til landet. Og slik vart det.

Håkonseple er ein nokså sein sort med særeigen og litt krydderaktig smak. Mange hadde  sorten som sitt favoritteple, og då var det brukt som eple til jol.

Håkonseple-2_Åsmund-Asdal.jpg
Håkonseple oppsto fra noen epler som spirte i en tresko i Hardanger. Sorten fikk navn etter den nye kongen som kom til landet i 1905. Foto: Åsmund Asdal