Nyttbar myr og torvmark frå DMK

På myr og torvmark som vart rekna som nyttbar til oppdyrking og/eller skogproduksjon vart det under kartlegging av markslag i økonomisk kartverk registrert myrdybde, vegetasjon og omdanningsgrad. Opplysningane vart registrert på kartet ved bruk av ein eigen symbolserie, kalla «myrkosten». Det er desse opplysningane som er framstilt i dei to kartlaga «Myrdybde og vegetasjon» og «Omdanningsgrad».

myr_dmk
Foto:

Ein skiller mellom myr og torvmark. Myr er definert som areal med myrvegetasjon og minst 30 cm torvlag. Torvmark er skogareal med minst 30 cm torvlag, men som ikkje har preg av myr på overflata. Når trea er 2-3 meter høge, bestanden er slutta, og veksten tyder på at skogen er produktiv, har arealet ikkje lenger preg av myr.

Myr og torvmark som ikkje vart rekna som nyttbar til jord- eller skogbruk har ikkje informasjon om myrdybde, vegetasjon og omdanningsgrad, og er ikkje vist i desse kartlaga. Myr som allerede var oppdyrka ved registrering har heller ikkje slik informasjon.

Opplysningane er henta frå digitalt markslagskart (DMK) slik det var registrert der ved overgang til AR5 i 2008. Kartlaga er ikkje vaska mot endringar som har skjedd etter det, som til dømes oppdyrking eller utbygging. 

Les meir om DMK under "Publikasjoner".

 

Torvdybde

Grunn myr: Mindre enn 100 cm torvlag

Djup myr: Meir enn 100 cm torvlag

 

Vegetasjon

Nøysam vegetasjon: Artar som veks på svært næringsfattige myrer og myrer som berre får tilført vatn frå nedbør

Ikkje nøysam vegetasjon: Artar som veks på myrer som også får tilført vatn som har vore i kontakt med mineraljord

Karakteristiske artar for nøysam vegetasjon: Molte, kvitlyng, torvull, rusttorvmose, fleire lavartar. Skiljeartar, dvs. artar som berre veks i ikkje nøysam vegetasjon: Gråstorr, slåttestorr, duskull, bukkeblad, myrhatt, myrklegg, myrfiol, blåtopp, skogstjerne, jåblom, gulsildre, vierartar.

Nøysame artar kan også finnast spreidd på rikare myrtyper saman med meir kravfulle artar, men slik vegetasjon vart klassifisert som ikkje nøysam vegetasjon.

 

Omdanningsgrad

Omdanningsgraden i øvre torvlag vart fastsett 20-40 cm under overflata, og i nedre lag 70-100 cm under overflata, ved at ein prøve vart tatt opp med jordbor og pressa i handa. For myr og torvmark som vart registrert som dyrkingsjord vart omdanningsgraden fastsett både i øvre og nedre lag når myra er djup, men berre i øvre lag når myra er grunn. For myr og torvmark som ikkje er dyrkingsjord, men som gjev eller kan gje produktiv skog, vart berre omdanningsgraden i øvre lag fastsatt [1].

Von Post skala Omdannings-grad Karakteristikk av torva

1

2

3

Lite Dyfri til svakt dyhaldig torv. Tydeleg plantestruktur. Ved pressing gjev torva frå seg nesten reint til tydeleg grumsa vatn. Pressingsrest er frisk eller nesten frisk, ikkje grautaktig.

4

5

6

Middels Svakt til nokså dyhaldig torv. Noko sterkt utviska plantestruktur. Ved pressing gjev torva frå seg sterkt grumsa vatn. Ingenting til høgst 1/3 av torvsubstansen glir ut mellom fingrane. Pressingsrest er meir eller mindre grautaktig.

7

8

9

10

Sterkt Nokså dyhaldig til heilt dyhaldig torv. Utydeleg til heilt utviska plantestruktur. Dersom det ved pressing kjem fram væske, er den som ei velling. Frå 1/3 til heile massen kjem fram mellom fingrane som ein mørk, grønsåpeliknande masse. Eventuell pressingsrest er sterkt grautaktig og for det meste samansett av motstandsdyktige røter og planterestar.
 
Dyrkingsjord på myr og torvmark

Areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at dei vil halde krava til lettbrukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord (A eller B), og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking.

Ein måtte alltid vere sikker på at ein kunne få tilfredsstillande avløp frå myra for å regstrere den som dyrkbar. Torvdybde og eigenskapar til underliggjande mineraljord var særs viktig ved vurdering av om arealet kunne dyrkast. Myr på svært blokkrik morene eller på fjell, måtte vere minst 1,5-2 meter djup for å verte rekna som dyrkingsjord.

Areala som var eigna for oppdyrking måtte vere over ein viss storleik for å verte registrert som dyrkingsjord:

2-5 dekar når arealet ligg inntil anna fulldyrka jord.

5-25 dekar når avstand til veg, fulldyrka jord eller andre dyrkingsfelt var over 0,5-1 km.

25-100 dekar når avstand veg, fulldyrka jord eller andre dyrkingsfelt var over 0,5-1 km.

 

Skogreisingsmark på myr og torvmark

Myr og torvmark som med rimeleg kostnad kan bli grøfta, og som ved tilplanting eller naturleg fornying med barskog vil gje minst middels bonitet.

I dei fleste høve kunne ein registrere myr som skogreisingsmark opp til 150-200 m under skoggrensa, men lokale forhold vil vere avgjerande for kor høgt ein kunne gå. Opp mot øvre grense for skogreising på myr kunne ein stø seg til boniteten på nærliggande fastmark med tilsvarande hellingsgrad og -retning som myra. Dersom fastmarka i området hadde middels bonitet, kunne ein under elles gunstige forhold registrere skogreisingsmark på myr til same høgd. Ein måtte alltid vurdere om myra kunne drenerast og om myrkvaliteten var tilfredsstillande for skogreising. Myr som lå direkte på fast fjell måtte vere minst 1 m djup for å bli rekna som skogreisingsmyr.

Minstekrav til arealstorleik var til vanleg 5 dekar. Mindre myrer med god arrondering som dels kan nytte felles grøftesystem kunnen registrerast ned til 2 dekar.

 

[1] Ved digitalisering av markslag vart symbola registrert som middels omdanna i nedre lag, ettersom middels omdanning er vist med ingen hake i myrkosten. I praksis vil dette stemme ganske bra, ettersom myr som er lite omdanna i nedre lag vil vere lite egna for skogproduksjon.

Tjenester

Kilden

Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.

Mer informasjon Til tjenesten
WMS-tjenester

WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.

Mer informasjon

Publikasjoner

Til dokument

Sammendrag

Markslagsinstruksen er hovuddokumetasjonen på arealklassifikasjonssystemet som er nytta i Økonomisk kartverk. Den inneheld ein komplett oversikt over alle markslagsklasser, definisjonar, prinsippa for klassifikasjonen og reglar for praktisk kartlegging i felt. Instruksen har vore nytta heilt sidan oppstarten av markslagskartlegging, men har gjennomgått mange større og mindre revisjonar. Denne utgåva vert den siste sidan ein frå 2007 går over til å nytte AR5 i staden for DMK. Men markslagsinstruksen vil også vere det viktigaste kjeldematerialet til dette nye klassifikasjonssystemet.