Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2003
Forfattere
M. AA. Halse T. Garmo Samson ØpstadSammendrag
Innhaldet av berekna nettoenergi i lauv (tørka blad) av alm og rogn tilsvarar energiverdien i godt høy og surfôr av middels kvalitet (0,85 FEm pr kg. tørrstoff). Nettoenergiverdien i lauvfôr (lauv og opphakka greiner) låg betydeleg lågare (0,40-0,45 FEm pr kg. tørrstoff), men lauvfôr av alm kom i ei mellomstiling (0,60 FEm pr kg tørstoff). Proteinverdien i lauv og lauvfôr varierer mykje, alt etter lauvslag og innslag av treflis i lauvfôret. Lauv, og delvis lauvfôr, har eit relativt høgt innhald av kalsium, magnesium, sink og kobolt, og kan vera gode kjelder for desse minerala.
Sammendrag
Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo av bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54% større enn i den reine grasenga i første engåret i eit økologisk dyrkingsopplegg. Det vart registrert lågt proteininnhald i avlinga i første slått både i rein graseng og i blandingseng gras/kløver. Dette vitnar om at nitrogenforsyninga til plantene er knapp. I andre slått, då det er vesentleg meir kløver i blandingsenga, er proteininnhaldet i avlinga høgare og PBV positiv. Eit godt innslag av kløver i enga er avgjerande både for avlingsnivå og proteininnhald i avlinga.
Sammendrag
Hjortebeiting fører til avlingstap for bonden og redusere kvaliteten på enga. Tapet kan bli særleg stort i attlegg og ung eng. Det er skilnad på kva grasartar hjorten likar best og kor hardt beitepresset er. Der hjorten har beita hardast har han teke nesten halvparten av avlinga.
Sammendrag
Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.
Sammendrag
Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.
Sammendrag
Dyrking av korn både i allsidig og husdyrlaus økologisk drift vil gi mindre N-avrenning per arealeining enn i konvensjonelle dyrkingssystem med korn og potet. Det synest elles ganske klart at miljøeffektane i økologisk korndyrking er knytt til driftsmåten. I eit allsidig økologisk vekstskifte, der korn vert dyrka saman med eng til slått, har ein små tap av nitrogen både til vatn og luft. I eit husdyrlaust økologisk vekstskifte dominert av korn, erter og grøngjødslingsvekstar er sjansen for tap av næringsstoff både til vatn og luft klart større enn i det allsidige økologiske vekstskifte. Ei følgje av husdyrlause korndyrkingssystem er òg at produksjonen i høve til nitrogenavrenninga er liten og at nitrogentapa per produsert eining vert stor. Alt i alt er det større utryggleik rundt miljøeffektane i husdyrlaus økologisk korndyrking enn i den allsidige dyrkingsmåten. Mykje kan sikkert vinnast gjennom ny kunnskap om økologisk korndyrking med basis i grøngjødsling, men den tryggaste og mest bærekraftige driftsmåten for økologisk korn vil vera i kombinasjon med engdyrking og husdyrhald. Dette talar til fordel for mest mogleg lokal produksjon.
Sammendrag
Et prosjekt som har som mål å studere for seinere å kunne minimere N-tap fra grønngjødsling er beskrevet. Prosjektet er del av et større arbeid (strategisk instituttprogram) i Planteforsk som går på økologisk korndyrking.
Forfattere
Ragnar EltunSammendrag
Planteforsk, NORSØK, Institutt for plantefag, NLH og Høgskolen i Hedmark har fått midlar frå Noregs forskingsråd til eit nytt forskingsprogram. Målet er å skaffe ny kunnskap om dyrkingspraksis for korn i økologisk landbruk som gir gode og stabile avlingar og har positiv verknad på jord og miljø.
Forfattere
Lars NesheimSammendrag
Jordbruket i Trøndelag og i Jämtland har ulike politiske rammevilkår, medan dyrkingsvilkåra til dels er like. I dag er det relativt lite jordbruksfagleg samarbeid over grensa. Det er utan tvil mykje å hente på å styrke kontakten. Eitt eksempel på konkret samarbeid er eit INTERREG prosjekt som er kalla Økologisk korndyrking i Nordens Grønne belte. Prosjektet vert gjennomført av Planteforsk Kvithamar og Länsstyrelsen i Jämtland.
Sammendrag
Innhold av fiber i gras blir i ernæringsmessig sammenheng uttrykt som NDF (Neutral detergent fibre). NDF består av en fordøyelig del (PNDF) og en ufordøyelig del (UNDF). For å studere ulike egenskaper ved NDF, og hvordan disse varierer med bl.a. utviklingsstadium og vekstsesong, ble prøver fra tidligere utførte feltforsøk og fra et forsøk i klimalaboratorium benyttet. Materialet ble også benyttet til å teste ut to metoder for rutinemessige undersøkelser av UNDF. I denne artikkelen er endel resultater fra dette arbeidet presentert. Resultatene er foreløpige og viser kun trender i materialet. Mens innholdet av NDF i % av tørrstoff endret seg lite etter skyting, økte andelen av UNDF (% av NDF) med utviklingsstadium. Dette var også tydelig i prøver fra forsøk i klimalaboratorium. Forskjellen mellom ulike vekstsesonger var tydelig, særlig for UNDF. En årsak til dette var at de klimatiske betingelsene var svært forskjellig de ulike vekstsesongene. NIR metoden estimerte UNDF godt, med verdier for R2 på henholdsvis 0,86 når UNDF var uttrykt i % av NDF, og 0,90 når UNDF var uttrykt i % av tørrstoff. ANKOM metoden så også ut til å estimere UNDF godt, med en R2 på 0,87.