Divisjon for matproduksjon og samfunn

Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon

Aktiv SIST OPPDATERT: 14.12.2017
Slutt: jan 2020
Start: feb 2016

Legitimiteten og lønnsemda i norske drøvtyggarproduksjonar er utfordra av høge og stadig stigande grovfôrkostnader. Prisen per fôreining grovfôr er på mange bruk høgare enn for innkjøpt kraftfôr, og investeringar i maskiner, teknisk utstyr og infrastruktur utgjer ein stor del av kostnadene. For å snu denne trenden, trengst kunnskap om korleis ein kan auke utbyttet og redusere kostnader, og ikkje minst korleis tiltak med dette som mål skal vegast opp mot kvarandre når det er aktuelt.

Status Pågående
Start- og sluttdato 01.02.2016 - 31.01.2020
Prosjektleder Anne Kjersti Bakken
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Landbruksteknologi og systemanalyse
Totalt budsjett 16,2 mill NOK
Finansieringskilde Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

I "Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon" har vi laga ein plattform for heilskapelege analysar og avvegingar av ulike norske produksjonsliner for grovfôr. Denne bygger mykje på den norske analysemodellen «Grovfôrøkonomi», men vi har også hausta inspirasjon frå den irske «Grange Feed Cost Model». Det er gjort programmeringstekniske endringar frå utgangspunktet slik at ein meir dynamisk kan studere korleis det endelege økonomiske resultatet varierer med ulike tiltak  og variantar av  engfornyingsmetode, frøblanding, gjødsling, hausteintensitet, konserveringsteknikk og type innandørsmekanisering.  Modellutviklinga har no komme så langt at det er lagt inn avlingsresponskurvar som igjen skal vere grunnlag for økonomiutrekningane. Seinare i prosjektet skal plattformen brukast til å lage scenaria for ulike mjølkeproduksjonsbruk, sauebruk og ammekubruk på ulike naturgrunnlag.

Vidare ser prosjektet på om ein kan utvikle agronomiske tiltak og teknologi som kan auke avlingane og minke svinnet i grovfôrproduksjonen. I arbeidspakken der ein skal sjå på nye måtar og teknologi for vedlikehaldssåing og fornying av enga, har vi testa  alternative teknologiar for fjernmåling som kan brukast til å karakterisere grassvor og plantebestand som skal fornyast. Hausten 2016 vart det starta opp eit forsøk der ein skulle sjå på om beiting med sau etter våtsåing kunne påverke konkurranseforholdet mellom etablert vegetasjon og nysådd plantar på ein ønska måte. Våren etter såg det ut som at sådd raigras kom fint i ledd der det vart beitt med sau utover hausten, men det vart ingen skilnader i tørrstoffavling etter om det var beitt eller ikkje. Eit nytt feltforsøk vart også etablert sommaren 2017, der ein såg på direktesådd raudkløvers etableringssuksess i ulikt tette bestand av timotei og fleirårig raigras. Resultata viste ein tydeleg samanheng mellom tettheit og etableringssuksess for nysådde plantar. Såfrøet spirte godt i alle typar bestand, men småplantane vart utkonkurrerte der den gamle enga var tett. Samanhengen mellom eigenskapane til den gamle enga og etableringssuksess av nysådd raudkløver blir studert vidare i fire nye forsøk i 2018.

Eit viktig forskingsfelt i prosjektet er også korleis ein med meir målretta og lokalt tilpassa artsblandingar og vekstfølgjer kan auke grovfôravlingane og kvaliteten på dei. I totalt fem felt er det sådd ut i alt sju gras- og kløverartar, klassifiserte som seine eller raske etablererar, enten åleine eller i lag i ulike blandingar. I første engåret i 2017 var det innan alle felt spenn i avling mellom blandingar på opp til 600 kg tørrstoff per daa. Det kalkulerte meirutbyttet av å så artar i blanding mot kva dei ytte kvar for seg, var i underkant av 300 kg tørrstoff. Blandingar som inneheldt fleirårige raigras, ga noko høgare avlingar enn tilsvarande utan. Raigrasdominansen i første engåret var stor sjølv om frøblandingane innheldt godt under 20% av arten. Konsekvensane av dette følgjer ein opp i vekstsesongen 2018 etter ein hard vinter der mykje av raigraset har gått ut.

Potensialet for å minke svinn og auke nettoavlingar i grovfôrproduksjonen gjennom betre konserveringsmåtar blir studert i ein arbeidspakke som NMBU har hovudansvaret for. Det er gjennomført konserveringsforsøk i plansilo, og ein har mellom anna studert effekten av å bruke ein vanleg traktor mot ein tung hjullastar som pakkemaskin. Det kom fram at hard pakking er viktig for godt sluttresultat og mindre svinn, men med perfekt plastdekking av siloen kan ein få gode resultat også etter komprimering med traktor.

To masterstudentar på NMBU har levert sine oppgåver våren 2018. Titlane var «Dominans av flerårig raigras i ulike artsblandinger» og «Effekt av pakkemaskin i plansilo på kvaliteten av grassurfôr». To studentar vil levere oppgåvene sine i desember 2018.

Næringspartnarane i Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon er Addcon Nordic AS, Agromiljø AS, Animalia, Fiskå Mølle, FK Agri, FK Rogaland Agder, Felleskjøpet fôrutvikling, Norske FK, Nortura, Strand Unikorn, TINE Rådgiving og medlem og Yara Norge. Rogaland fylkeskommune finansierer den treårige post doc-stillinga som er lagt til NIBIO Særheim.

Publikasjoner i prosjektet