Gå hovedinnhold

Fôr og husdyr

Avdelingen skal dekke utfordringar knytt til grovfôrproduksjon, lagring og fôrkvalitet i norsk mjølk- og kjøtproduksjon innan områda: jord og klima, dyrkingsteknikk, testing og tilpassing av arts- og sortsblandingar, beitedrift, fôrkonservering og fôrutnytting og velferd hos dyr, samt miljøspørsmål og utvikling og forbetring av drøvtyggarbaserte produksjonssystem.

Kompetanse- og forskingsområde

Kompetanse- og forskingsområdet  dekker produksjonskjeda frå jord og fôr til produkt  med følgjande pilarar:

  • Det fysiologiske grunnlaget for avlings- og kvalitetskomponentane hos fôrvekstane, plantene si evne til å tole eller stå imot stress, samt økologiske prosessar i plantesamfunn i jordbrukspåverka landskap og kulturtypar.
  • Agronomi og driftspraksis for å vite korleis ein kan påverke avlings- og kvalitetskomponentar hos fôrvekstar slik at utbytte blir godt og arealproduktiviteten og fôrkvaliteten god, utan at det går på kostnad av viktige miljø- og klimamål. Dette gjeld t.d. plantene si næringsforsyning, utnytting og tap av næringsstoff, husdyrgjødselhandtering og jordparametrar som pakking og drenering.
  • «Nye» og tradisjonelle artar og sortar sitt avlings- og kvalitetspotensial ved endringar i driftsmåtar og klima for å sikre ein størst mogleg del eigenprodusert fôr med ønska kvalitet og lågast muleg kostnad, samt kunnskap om beitebruk i inn- og utmark.
  • Husdyrfagleg kompetanse og innsikt i hausteteknikk for å vite korleis ein kan hauste og konservere fôrvekstar slik at utbyttet blir godt i høve husdyra sitt behov og produksjon. Dette gjeld både ved beiting og fôring med konserverte fôrvekstar. Kunnskap om husdyra sin åtferd og velferd for å kunne samanlikne effekten av ulike driftssystem og fôringsstrategiar. 
  • Metodar for systemanalyse og prosessbasert modellering  som kan integrere kunnskapen frå pilarane ovanfor, og dermed legge grunnlag for å svare på spørsmål som gjeld delar av og heile produksjonssystem som skal tilpassast endra driftsvilkår og eit klima i endring.

 

Kundar og samarbeidspartar

Det blir lagt vekt på aktiv samhandling og gode relasjonar til alle aktuelle kundar og samarbeidspartar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kundar: Landbruksdirektoratet, Fylkesmannembeta, Fylkeskommunar, Regionale samarbeidsråd, Innovasjon Norge, TINE og andre meieriselskap, Nortura og andre kjøtindustribedrifter, Animalia, Felleskjøpa, Felleskjøpet Fôrutvikling, Strand Unikorn, Yara, Addcon Nordic, maskinbransjen

Samarbeidspartar: NMBU, NLR, Senter for husdyrforsøk, Møreforskning, NILF, HiNT, HiHm, SLU, Aarhus universitet mfl. I tillegg er mange av våre kundar også samarbeidspartar.

 

Regional tilknyting

Ved å vera til stade regionalt i dei viktigaste produksjonsområda for grasbaserte husdyrproduksjonar skal vi sikre god kontakt mot brukarane og bidra til å møte dei strukturelle utfordringane i det grovfôrbaserte husdyrhaldet med aktuell kunnskap.

 

Kva har vi gjort

Modellering og bruk av modellverkty: I prosjektet VARKLIM har ein studert betydninga av global oppvarming for fleirårige engvekstar som må tilpasse seg nye klimaforhold både i vekstsesongen og gjennom vinteren, for å oppnå optimal varigheit og produksjon. Modellen CATIMO simulerer avlings- og kvalitetsutvikling i t.d. timotei og er grunnlaget for rådgivingsverktyet Grovfôrmodellen. Miljøeffektar av heilskaplege produksjonssystem for mjølk og kjøtproduksjon er studert ved hjelp av LCA verkty.

Granskingar av fôring/beiting og fôrkvalitet på produksjon, kjøt- og mjølkekvalitet: I prosjektet FORUT har næringsforsyning og produktivitet i økologisk grovfôr og mjølkeproduksjon stått i fokus.

 

mg200609_DSC_6537.jpg
Rundballer ved Huser, Asmaløy, Hvaler. Foto: Morten Günther.
Kontaktperson:

Ragnar Eltun
Avdelingsleder
(+47) 975 83 073
ragnar.eltun@nibio.no