Hopp til hovedinnholdet

Surfing i unikt kulturlandskap

DSC_0295_cropped.jpg

Ho smiler frå øyre til øyre etter kalde timar i bølgjene. Aurora Selvik tar gjerne turen frå Bergen til Hoddevik – året rundt. Stemninga og fellesskapet her er noko for seg, meiner ho. Foto: Kjersti Kildahl.

Frå heile verda kjem stadig fleire ungdomar for å prøve bølgjene i Hoddevik på Stad. Inne på land kan den siste bonden om nokre år kome til å avvikle drifta.

Kva følgjer dette får for landskapet, er eit ope spørsmål. I overgangen mellom fortid og framtid kan store endringar skje for bygda mellom hav og land. 

Jordbrukslandskapet her er spesielt. Som eitt av 22 Utvalde kulturlandskap i jordbruket blir det sett av statlege midlar til å skjøtte det. Geologi og istid har gitt naturgrunnlag for matproduksjonen dei har drive med her i hundrevis av år. Matproduksjonen har på si side vore med å forme det storslagne landskapet vi kjenner som Hoddevik i dag.

DSC_0106.JPG
Kulturlandskapet i Hoddevik er eit av dei mest verdfulle i Noreg. Biletet viser den spesielle tunstrukturen, med tuna som ei stripe langs vegen. Til venstre ligg dei karakteristiske sandmelene. Slåttemarka i kanten av sanden har stor og sjeldan artsrikdom. Steingardane kan ein ane som svake render i terrenget. Bakkane er brukt av beitedyr gjennom generasjonar. Foto: Kjersti Kildahl.

Bonde med meiningar

Gardbrukar Jan Ove Hoddevik (66) kjenner tyngda i arven når han tenker på kva som vil skje den dagen han og kona ikkje lenger kan drive. Kjem eit av borna eller andre til å overta? Kven vil ta slåtten, eller stelle steingardane? Og finst det framleis beitedyr her? Store spørsmål melder seg i samtale med den siste gardbrukaren i bygda. 

Han er ikkje negativ til den nye bruken av Hoddevika, eller til dei som kjem hit for bølgjene, anten dei kjem for å surfe eller for å drive næring. Det må berre skje på eit nivå som bygda toler.

- Stort sett går det fint føre seg, sjølv om det er mykje folk som kjem hit for tida, seier Hoddevik. 

Likevel er han bekymra for kva utviklinga kan føre med seg dersom det ikkje kjem på plass retningslinjer for arealbruken; for hamneanlegg og parkeringsplassar, innmark og utmark. 

- Trykket frå turismen må med i kommunal planlegging og tilrettelegging om vi skal unngå uønska slitasje på landskapet, seier han. 

Utfordringane har alt meldt seg i form av ureglementert camping, manglande renovasjon og sanitærfasilitetar. Lause hundar er og ein del av biletet. 

- Vi ser at turisme kan vere ein del av framtida for Hoddevik. Det må berre leggast til rette for at utviklinga skjer i samspel med det historiske grunnlaget her, held han fram. Det gjeld omsyn til både natur og kultur. 

Nye folk og ny næring kan føre mykje positivt med seg for livet i bygda. Men utfordringane knytt til turisme, utbygging og næringsdrift må løysast. 

DSC_0488.JPG
Det går ein veg gjennom Hoddevik. Valet står mellom til eller frå, vest eller aust. Foto: Kjersti Kildahl.

Nok tomme hus

Hoddevik fortel om ein arealplan som nyleg var på høyring, og som grunneigarane ga innspel til. Første høyringsutkast hadde inne 17 tomter til spreidd busetnad og fritidshus. Frå før er her 21 grunneigarar og omtrent like mange hus.

- Vi har alt 7-8 hus ståande tomme store deler av året. Vi treng ikkje fleire slike, seier han. 

Innvendingane frå folk i Hoddevik må ha blitt høyrt, både om det høge talet og auka press på veg og ferdsel. I planen som no er ute til andre gongs høyring er talet på bustadhus redusert til fem, og areal til fritids- og turistføremål er avsett på to andre område i bygda.

‘Full ro i sterk storm’

Jan Ove Hoddevik er ikkje aleine om å tenke på framtida. Også dei som driv ny næring på staden, meiner det vil vere eit tap dersom her ikkje lenger bur folk som driv jordbruk. 

Ein representant for dei nye innbyggjarane som lever av å tilby opplevingar på Stad, er Anne Kari Lerfald. Ho driv Akka Surf, eit hus med seks sengeplassar og mykje hjarterom. 

- Vi har fullt belegg året rundt, fortel Lerfald, som kallar seg surfemor for dei mange unge brettfolka som kjem til Hoddeviksbølgjene for å trene. Andre kjem for naturen i seg sjølv, for lyset, skyene og himmelen.

DSC_0430.JPG
Anne Kari Lerfald kom til Hoddevik for snart 15 år sidan. Ho skulle berre hjelpe til med eit økologisk hageprosjekt. Så vart ho verande. Foto: Kjersti Kildahl.

- Det er god plass til tankar på Stad, seier ho. Ho ser at fleire og fleire kjem for det heilt spesielle som er Stad, enkelt og storslått på same tid. Dei vil ha det naturen kan tilby. 

Anne Kari Lerfald er ei av fleire lokale som er svært opptatt av at ein må ta vare på det som gjer Hoddevika så spesiell, og som folk frå heile verda kjem for å oppleve. 

Ho fortel om dei som kjem her for å vere i storm, regn og ver. Nokon vil gå tur i vinden, medan andre vil sitje trygt inne og berre sjå. Talet på turistar blir stadig høgare. 

- Når besøkstala aukar, aukar og interessa for å utvikle turisme og næringsliv. Da er det svært viktig at vi er bevisste på å ta vare på kvalitetane som folk kjem hit for, poengterer Lerfald.

DSC_0188.JPG
- Vi må verne om desse små og store tinga som gjer plassen spesiell, ikkje gjere han likare alle andre. Folk betaler for å besøke eit Noreg utan installasjonar, slik som i Hoddevik, seier Anne Kari Lerfald. Foto: Kjersti Kildahl.

Treng ikkje gatelys på Stad

Som eit eksempel nemner Lerfald forslaget om gatelys langs den einaste vegen som går gjennom Hoddevik. Det meiner ho vil vere feil nettopp med tanke på særpreget til staden. 

- Vi har mykje himmel og få hus i Hoddevik. På klare kveldar er det uendeleg mange stjerner å sjå, og månen aleine kan lyse opp heile dalen, fortel ho. I tillegg kjem lyset frå havet. Ikkje så mange tenker over akkurat det før dei er her, at havet har sitt eige lys – til og med om natta. 

Ei rad med gatelys vil svekke karakteren til staden, meiner Lerfald. Det vil øydeleggje den særeigne stemninga ein plass utan gatelys har. Naturen er så mektig til stades på Stad.

- Vi må verne om desse små og store tinga som gjer plassen spesiell, ikkje gjere han likare alle andre. Folk betaler for å besøke eit Noreg utan installasjonar, slik som i Hoddevik. Å tukle med identiteten til staden, er å tukle med inntekt for framtida, seier ho.   

DSC_0307_cropped.jpg
Aurora Selvik kjem for å hente ro til sjela. – Eg har surfa i betre bølgjer på betre strender, men det kan ikkje måle seg med Hoddevik. Her er så urørt og ekte, så ikkje-kommersialisert, seier ho. Det gjer noko med oss som ‘får lov’ å vere her, gir oss respekt for det store vi er ein del av. Foto: Kjersti Kildahl.

Heller Hoddevik enn Hawaii

Stader som California, Hawaii og Bali er kjende for bølgjene sine. Det er og mange stader i Australia. Likevel trekker stadig fleire surfarar nordover etter andre opplevingar. Hoddevik og Lofoten er begge relativt nye ‘surfespottar.’ 

På spørsmål om kvifor dei landar i Hoddevik, er ‘naturen,’ ‘det reine landskapet,’ ‘kulden,’ ‘fjella’ og ‘årstidene’ stikkord for mange. Og ein ting til, fellesskapet og samhaldet på plassen. I tillegg til bølgjene, sjølvsagt. Kanskje er dei ikkje heilt i super-ligaen, men dei er stabile. Ein veit kva ein får. 

DSC_0464.JPG
Tidlause fjell, jordbruk med anar tilbake til mellomalderen, moderne traktoregg og surfebrett frå varmare strok – alt smeltar saman i dagens Hoddevik. Foto: Kjersti Kildahl.

Enkelte seier at vinteren er aller best. Da er bølgjene større, og kvaliteten betre enn om sommaren. Og det er færre å konkurrere om plassen med. Dessutan er det dette med opplevinga på den tida:

- Å sitte på eit brett i havet når det snør og er kaldt, sjå dei enorme fjella ruve rundt oss - vere i eitt med naturen, seier Anna-Stina Åkesson medan ho reflekterer.

- Vinterlyset. Bølgjene. Landskapet. Det er veldig spesielt. 

Ho kom til Hoddevik frå Sverige for å surfe første gong for fleire år sidan. Seinare ville ho gjerne tilbake, og i 2015 var ho i ein periode campmanager for surfeverksemda Lapoint i Hoddevik. Så beit plassen seg fast i henne, og no bit ho seg fast i plassen. 

Av yrke er ho maskiningeniør. Tidsavgrensa konsulentoppdrag har gitt henne midlar og fleksibilitet til å dyrke surfinga mellom ulike jobbprosjekt. To gonger har ho hatt ansvar for å bygge opp surfedestinasjonar på Bali.

DSC_0171_cropped.jpg
Svenske Anna-Stina Åkesson kom til Hoddevik frå Bali for å surfe. No er ho og avløysar på Hoddevik-garden. Foto: Kjersti Kildahl.

- Det har gitt spennande erfaring, men kvar gong har eg ønskt meg tilbake til Noreg og til Hoddevik, fortel Åkesson. Etter siste oppdrag på Bali i 2016, var eg først vikar på Akka Surf. Ved årsskiftet trong dei avløysar på Hoddevik-garden, så i det siste har eg arbeidd der. 

Nyleg fekk ho jobb som designingeniør i ei verksemd i nabobygda Leikanger. Framleis trør ho til som dreng på garden når det trengst. 

Natur, landskap og dyr er sider av same sak når surfarane fortel om plassen Hoddevik. At jordbruket har forma naturen, tenker dei kanskje ikkje over. Men at det vil vere trist om den siste bonden forsvann, jo, det ville det. Sauer og geiter på vegen er like vanleg som surfarar og bilar her.

familiebilde.jpg
Grete og Jan Ove Hoddevik har drive gard saman i 35 år. Da dei overtok i 1982, var 20 bruk i drift. Sju var mjølkebruk. No er dei aleine med aktivt bruk her. Yngste dotter Cathrine er den einaste av dei tre borna som vurderer ei framtid her. Foto: Kjersti Kildahl. 

Eit typisk Vestlandsbruk

Spørsmålet no, snart, er om nokon vil halde fram med gardsdrift når Jan Ove og Grete Hoddevik gir seg. På 1980- og 90-talet dreiv dei med mjølkekyr, men økonomien gjekk ut av småskala mjølkeproduksjon. 

I dag driv dei kjøtproduksjon, og er svært nøgde med det. 16 dyr av rasen Hereford står på båsen. Seks av dei er kviger og skal snart kalve. 

- Vi sel stort sett alt privat. Folk vil ha kjøt som dei veit kor kjem frå, og dei vil vite kva dyra er blitt fôra opp på, seier dei. Våre dyr er stor sett alne opp på gras. Dei er ute og beiter vel halve året, og finn da nok mat sjølve.

- I tillegg haustar vi gras på 65 mål, så vi har fôr gjennom vinteren. Litt snop (les: kraftfôr og poteter) får dei innimellom, men det er minimalt samanlikna med det som er vanleg i kjøtproduksjon. 

I tillegg til dei store dyra, har dei og fem kystgeiter som er mest for hobby å rekne. Geitene er gode landskapspleiarar, og eignar seg godt til å halde eit kulturlandskap ved like. 

Yngste dottera, Cathrine, er den einaste av dei tre borna på garden som vurderer ei framtid her. Ho er sterkt knytt til garden og til bygda. Ofte kjem ho heim for å gjere ein innsats når det er tid for slåtten. Om ho kunne tenke seg å bli bonde på heiltid er usikkert. 

- Eg kan tenke meg å bli bonde, men det blir ei vurdering eg må gjere, seier ho. Kva er draum, og kva er realisme? 

DSC_0384.JPG
Burås, geil eller fegate vert han kalla, vegen mellom steingardane som slynger seg i grensa mellom innmark og utmark. Arealet mellom dei to parallelle steingjerda var avsett av grunneigarane til felles bruk slik at beitedyra kunne gå frå innmark til utmark utan å krysse over naboane sine eigedomar. Foto: Kjersti Kildahl.

Jordbruk i heile landet?

Eit spørsmål som melder seg er om ein kan leva av eit småbruk som dette. Driftsøkonom  i NIBIO, Torbjørn Haukås, kan gi svar. Han har ansvar for å samle inn og analysere data om økonomien i norsk jordbruk, talgrunnlaget som er samla i Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. 

- Om vi ser på eit gjennomsnittsbruk på Vestlandet tilsvarande som det dei driv i Hoddevik, viser tala eit årleg driftsoverskot på 150.000 kroner, men variasjonen er stor, fortel Haukås. 

- Det er opplagt at skal ein leve av eit bruk som dette, så er det samtidig eit val av livsførsel. Ein prioriterer til dømes høg bruk av eigne ressursar som fôr og arbeidsinnsats framfor å investere midlar i kapital.  

Ein annan måte å tilpasse seg økonomien i småbruket på, er å investere relativt meir i kapitalvarer for slik å frigjere tid som kan brukast til å skaffe anna inntekt. 

- I gjennomsnitt har denne typen gardsbruk 480.000 kroner i lønnsinntekt frå andre kjelder enn gardsdrifta aleine, seier han. 

DSC_0376.JPG
Jan Ove Hoddevik har lagt ned mangfaldige timar i å halde steingardane på eigedomen sin vedlike. Dei er både eit kulturminne og ein viktig del av jordbrukslandskapet i Hoddevik. Foto: Kjersti Kildahl.

Gardbrukar Jan Ove Hoddevik har for sin del henta noko inntekt frå midlane i Utvalde kulturlandskap for arbeidet sitt med å halde ved like steingardande på eigedomen sin. 

Torbjørn Haukås svarer nødig på spørsmål som går over i politikk. Basert på det ein ser i praksis, kan han likevel stadfeste at det ofte vil bli forskjellar i landskapsutvikling om jordbruket skjer med eige- eller leigejord.  

- Det ligg i saka at ein som leiger jord vil prioritere annleis enn ein som eig. Måten å drive på vil vere forskjellig, perspektivet vil vere ulikt, forklarer Haukås.

- Ta eit så enkelt, men nødvendig tiltak som grøfting. Ein leigetakar med kortsiktig avtale vil truleg ikkje investere i produksjonsgrunnlaget på denne måten. Eit anna døme kan vere attgroing av areal som går ut av bruk fordi det er ukurant å hauste dersom drifta skal vere mest mogleg rasjonell. 

Eit samla Storting står bak målet om å ha jordbruk i heile landet. Eit av dei store spørsmåla er korleis dette skal skje når fleire og fleire små- og mellomstore bruk går ut av produksjon.

Kulturlandskapet vil uansett forme seg etter den utviklinga som skjer.

DSC_0371.JPG
Trea på biletet vart truleg planta som eit eksperiment for å sjå om dei ville klare seg på verharde Stad, fortel Jan Ove Hoddevik. Vel ein mannsalder seinare står dei framleis oppreist. Foto: Kjersti Kildahl.
Hoddevik i Selje

Hoddevik ligg i Selje kommune, heilt vest i Sogn og Fjordane, og har om lag 15 fastbuande. Landbruk og turisme er hovudnæringar. Bygda er kjent for storslått landskap, strand og bølgjer. Og mykje ver. Området er rikt på biologiske og kulturhistoriske verdiar både i innmark og utmark. 

SF_map.jpg

 

Hoddevika før og no

Utvalde kulturlandskap er eit statleg initiativ mellom landbruks- og miljøforvaltning for å løfte fram smykka av norske jordbrukslandskap. Prosjektet er etablert som eit frivillig samarbeid mellom grunneigarar og forvaltning. 

Hoddevika vart på 1990-talet inkludert som eit av vel hundre verdfulle kulturlandskap i Noreg. I 2009 vart 22 av desse plukka ut som Utvalde kulturlandskap, og prioritert med planar og midlar for skjøtsel.

Landskapsgeograf og fotograf Oskar Puschmann i NIBIO har hatt i oppgåve å refotografere desse 22 områda. Hausten 2016 var han i Hoddevik.

 

- Livsstil på hell

Puschmann brenn for kulturlandskapet i jordbruket, og den nasjonalskatten det utgjer. Det handlar om felles historie, landskapsestetikk, biologisk mangfald og kulturminne.

- Landskapet vi oppfattar som ‘vår natur’ er stort sett kulturavhengig, seier han. Vi tenker ikkje over det, men matproduksjon og beitedyr har gjennom generasjonar forma landet vårt.

Ofte blir det frå ulike hald uttrykt ønskje om å ta vare på landskapet vi set pris på. Ein snakkar om verdiar som utsikt, stiar og åpne jorder, og kallar det eit levande landskap. 

- Men korleis skal vi hegne om eit landskap tufta på matproduksjon når den siste bonden gir seg? spør landskapsgeografen retorisk. Han fortel om ein livsstil på hell, og eit tidsskifte i norsk jordbruk. 

Nedanfor er typiske døme på refotograferinga til Oskar Puschmann: Same stad fotografert i to ulike tidsperiodar for å vise utviklinga, ofte med representantar for same slekt som gjer same oppgåver i dei to tidsbileta.  

01_1955-2016_nnJanOveHoddevik-Puschmann_redskapsskifte_Hoddevik_Selje_Sogn-og-Fjordane.jpg Innhausting av gras (grovfôr) på Hoddevik-garden anno 1950 og 2016. Endring har skjedd både på teknologifronten og i landskapet. Han som styrte hesten den gongen var Magnar Hoddevik. I traktoren sit Jan Ove Hoddevik. Foto: Oskar Puschmann.

 

02_1972-2016_nnJanOveHoddevik-OskarPuschmann_UKL_Hoddevik_Selje_Sogn-og-Fjordane.jpg Grunntanken i Utvalde kulturlandskap i jordbruket er bevaring gjennom tradisjonell bruk, og frivillig engasjement. Steinarbeidet til Jan Ove Hoddevik har vore, og er, viktig for landskapet i Hoddevik. Han lærte kunsten av farfar Jetmund som var 80 år da det øvste biletet vart tatt i 1972. På det nedste biletet er Jan Ove Hoddevik refotografert på same staden i 2016. Foto: Oskar Puschmann.
03_1971-2016_nnJanOveHoddevik-Puschmann_badeliv-surfere_Hoddevik_Selje_Sogn-og-Fjordane.jpg Bruken av stranda i Hoddevik har endra seg mykje sidan 1970-talet. Beitedyr og folk frå bygda delte strandkanten om sommaren. No er det brettfolk ein ser mest av, sommar som vinter. Anders Tandberg, Alexander Tønnessen og Chris Mysager Astrup var komne aust over langfjella for å prøve bølgjene i Hoddevik da Oskar Puschmann fanga dei i 2016. Foto: Oskar Puschmann.
04_1930ca-2016_nnJanOveHoddevik-Puschmann_utsyn_UKL_Hoddevik_Selje_Sogn-og-Fjordane.jpg Same utsiktspunkt i Hoddevik fotografert rundt 1930 og refotografert i 2016. Sitkagrana har funne seg til rette også her. Denne grana skal etter planen avvirkast – av omsyn til både biomangfald og landskapsestetikk. Dette er to av dei fire hovudelementa i verdiane eit levande kulturlandskap gir. Kulturminne og ressursutnytting (produksjon) er dei to andre. Foto: Oskar Puschmann.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.