Gå hovedinnhold

Lovande framtid for trua kurasar

Dei gamle norske kurasane er etterspurde både av bønder og forbrukarar. Auka kjøtproduksjon gir jamn auke i talet på dyr. Innan mjølkeproduksjon er talet på dyr stabilt.

I Noreg har vi seks bevaringsverdige kurasar, eller storferasar, som fagfolka vil seie. Dei seks er Telemarkfe, sida trønderfe og nordlandsfe (STN), vestlandsk fjordfe, østlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og dølafe. Alle rasane har auka i talet på dyr sidan 1990 da registreringane tok til.

- Det er svært positivt med den generelle framgangen til dei trua storferasane i Noreg, seier Nina Sæther, leiar for Norsk genressursenter i NIBIO. Likevel ser vi store skilnader i kor mykje kvar rase aukar.  Variasjonen mellom rasane er stor, noko  figuren nedanfor viser.

Både figuren og informasjonen Sæther viser til, er henta frå ein fersk rapport frå Norsk genressurssenter med nøkkeltal for dei bevaringsverdige norske storferasane.

 

Figur til sak om bevaringsverdi storfe_utvikling.jpg

 

Stor variasjon

Utviklinga i dei to mest talrike rasane, vestlandsk fjordfe og sida trønderfe og nordlandsfe, er relativt svak samanlikna med gjennomsnittstrenden.

Den største auken i avlskyr står østlandsk raudkolle for. Frå 2011 til 2016 auka talet på dyr frå 129 til 356, det gir ein auke på 176 prosent. Eit aktivt raselag og fleire produsentar som satsar på kjøtproduksjon basert på rasen er mykje av forklaringa.  

Både denne rasen og telemarksfe var for få år sidan kritisk trua, det vil seie at dei hadde mindre enn 300 avlskyr i populasjonen.

Vestlandsk raudkolle er i dag den minste rasen når ein ser på dyretal.  

- Eg er bekymra for akkurat denne rasen, kommenterer Sæther. Sjølv om vi registrerte ein auke på 14 avlskyr frå 2015 til 2016, så er 153 avlskyr framleis eit lågt tal.

Ho fortel at vestlandsk raudkolle no er den einaste bevaringsverdige storferasen som har færre enn 200 avlsdyr. Situasjonen er dermed alvorleg for den ein gong så stolte storferasen frå Sør-Vestlandet.

 

Vestlandsk raudkoll P9250169.JPG
Framleis finst det så få dyr av vestlandsk raudkolle at rasen er i kategorien kritisk trua. I 2016 var det registrert 153 avlskyr av denne rasen. Foto: Anna Rehnberg.

 

Gamal rase i ny bruk?

Både vestlandsk fjordfe og vestlandsk raudkolle er små dyr som lett tar seg fram i variert terreng, og er gode beitedyr.

- Tenk kva desse kunne gjort for gjengroinga på Vestlandet, seier genressursleiaren entusiastisk.

- Dei er vakre å sjå i landskapet, dei er gode landskapspleiarar og dei gir god mat. Både lokalmat-produsentar og turistnæring kunne ha mykje å tene på å ta desse nyttedyra meir i bruk.

 

Framifrå kjøtkvalitet

Matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl er ein av dei som verdset vestlandsk fjordfe. Han meiner dette er ein av våre absolutt beste kjøtrasar.

Det same meiner han som vart kåra til Årets unge bonde i 2016, Ingve Berntsen (30), frå Hå kommune på Jæren. For tida har han 40 mordyr av rasen. Straks er han klar til å tilby kjøtet i marknaden – gjennom direktesal.

Han ønskjer å satse på vestlandsk fjordfe framover, og å trappe ned produksjonen av kurasen hereford som han framleis har 30 dyr av. Kvifor vel han då satse på vestlandsk fjordfe? – spør skribenten:

- Eg har alltid likt å gjere ting litt annleis, å gjere noko utanom det vanlege, seier den unge bonden.

- Det handlar om å finna sin eigen retning. Kanskje er dette ein del av forklaringa på at eg alltid har ønska å drive med nisjeproduksjon, reflekterer han.

Han fortel om turar til Tyskland og andre stader på kontinentet der han har oppsøkt gardsbruk og gardsbutikkar som driv smalt og lokalt, som finn sine unike marknadsinngangar.

- Eg har stor tru på forretningspotensialet i vestlandsk fjordfe som eit unikt produkt, forklarer han.

- Kjøtkvaliteten er sjølvsagt svært viktig. I tillegg trur eg det unike blir forsterka av at dette er ein av Noregs opprinnelege storferasar som no er utryddingstrua. Folk er interesserte i slikt, og det vil vere med å fremje salet, argumenterer han.

- Ved å få opp produksjonen gjennom bruk av kjøt frå desse dyra, er både eg som bonde og kundane med på å bevare rasen for ettertida. 

Berntsen er overbevist om at kundane er der. Både private og restaurantar med sans for lokal nisjeprodukson har vore i kontakt. No gjeld det berre å kome i gang.

Om få veker er den første oksen slakteklar. Ingve Berntsen både gruar og gler seg. Å skilje lag med oksen Brutus blir ikkje lett. Han er nærast blitt for ven å rekne.

 

0396_Ingve Berntsen_justert.jpg
Ein flokk unge og vaksne av dyra til Ingve Berntsen, alle er vestlandsk fjordfe. Bonden sjølv er avbilda til høgre saman med kua Fjellros. Foto t.v.: Ingve Berntsen. Foto t.h.: Christel Bachmann Barbo.

 

100 prosent grasfora

Alle dei til saman 200 dyra som held til på garden til Ingve Berntsen er grasfora og klarer seg godt på det – i motsetnad til andre, større rasar som ofte treng kraftfor i tillegg.

Dyra til Berntsen går stort sett ute, og til og frå fjøset året rundt. Klimaet på Jæren legg til rette for slik drift.

- Det verkar som dei berre må gå, seier han om vestlandsk fjordfe, og legg trykket på må.

- Dei et litt, så går dei, opp, bort og rundt, så et dei litt igjen. Herefordane er heilt annleis. Dei gidd ikkje gå så mykje, vil helst ete og kvile.

Slike små og store forskjellar er det mange av. Ein av dei større skilnadene er nok tyngden og tråkket.

I fjor haust slapp Berntsen, som eit lite privat eksperiment, 30 fjordfe og 30 hereford på kvar sine beiteområde med same storleik og kvalitet. Dyra var like lenge på sine respektive beitelappar.

- Resultatet var som natt og dag, seier han, og let kommentaren henge i lufta til ettertanke.  

Vestlandsk fjordfe er relativt små dyr som et lite og veks sakte. Kjøtvekta er låg samanlikna med hereforden. Likevel er ikkje den unge bonden ein augneblink i tvil om at dette blir suksess. Skribenten spør om han må ta Kobe-biff-pris for å få dette til å gå rundt:

- Ha-ha, nei, eg trur ikkje det. Og du er ikkje den einaste som spør. Forresten er Kobe tufta på ein gamal japansk kurase, så heilt ulikt det eg gjer, er det sånn sett ikkje, boblar han.

Berntsen gjentar at interessa for kjøtproduksjonen hans er stor. No gjeld det berre å få prøvd seg i marknaden.

 

- Kundane vil ha urfe

Det seier Aria Amirvar som er slaktar og tilsett i Annis Pølsemakeri  som held til i Mathallen i Oslo. Han fortel om kundar som spør etter dei gamle norske rasane, og som er villige til å betale for kortreist og eksklusivt.

Kjøt av vestlandsk fjordfe skildrar han som finfibra og mildt, men likevel med fyldig smak. Når dyra er grasfora, bidrar det til å framheva kjøtsmaken enda meir.

- Det er vanskeleg å sette ord på det, men grasfora kjøt smakar rett og slett meir kjøt, meir konsentrert, seier han når han skal forklare kva som gjer dette kjøtet spesielt.

- Teksturen minner om kalv, men smaken er mykje rikare, seier han om vestlandsk fjordfe.

- Ofte når par kjem innom for å handle noko ekstra godt, ender det etter litt prat med at eg anbefaler dei ‘urfe,’ seier Amirvar.  Det er typisk at mannen ønskjer seg ein klassisk biff, medan kvinna gjerne vil ha noko som ikkje er så grovt.

- Da passar vestlandsk fjordfe perfekt, fordi ein får både finfibra tekstur og djup kjøtsmak i same stykket, konkluderer han.

Han trur den unge bonden på Jæren har gode føresetnader for å treffe marknaden ved å satse på vestlandsk fjordfe. Når kjendiskokk Arne Brimi dessutan har entrecote av ‘gamalrase fe’ som ein av sine topp tre ‘cuts,’ så hjelper nok også det på etterspurnaden, meiner Amirvar.

 

østl raudkolle.jpg
Østlandsk raudkolle er rasen med sterkast prosentvis auke dei siste seks åra. Eit aktivt raselag og fleire produsentar som satsar på kjøtproduksjon av denne rasen er mykje av forklaringa. Foto: Anna Rehnberg.

 

Lovar godt for framtida

Ifølgje Sæther har dei som driv med bevaringsverdige storferasar ofte vore sett på som dei ikke forstår å satse på framtida.

- Kåringa av Årets unge bonde 2016 har vist at dette er så feil som det kan bli, seier ho. To av dei fem finalistane hadde bevaringsverdige storferaser.

Ho meiner det lovar godt for mangfaldet i landbruket og for dei trua norske husdyrrasene i framtida.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Kontaktperson:

Nina Sæther
Fagleder, Norsk genressurssenter
(+47) 993 89 469
nina.sather@nibio.no

Fakta om husdyrraser

Husdyrrasen er rekna som nasjonal når han

  • er importert til, eller etablert, i Noreg før 1950.
  • ikkje har hatt vesentleg innkryssing
  • har eller har hatt næringsmessig og kulturhistorisk betydning.

Ein husdyrrase er bevaringsverdig når han har ein trua eller kritisk trua populasjon.  For storfe i Noreg er status trua definert som færre enn 3 000 hodyr til avl i populasjonen. Når avlshodyr er færre enn 300, gir dette status som kritisk trua.

Populasjon – tal på organismer av ein bestemt art (plantar, dyr, menneske) i et geografisk område. I genetikken er populasjon ei samling individ som står i forplantingsmessig samanheng med kvarandre. – Store norske leksikon.

 

 

Rapport forside.JPGNøkkeltall om de bevaringsverdige storferasene – 2016, rapport 

 

Landsoversikt

Nytt i årets nøkkeltallrapport om dei bevaringsverdige storferasane er kart som viser kvar i landet dei enkelte rasane er, og kor mange.

Oppland er ‘gamalrase-fylket’

Det er stor forskjell mellom fylka både i talet på dyr og vekst av kyr. Trøndelagsfylka og Oppland aukar og drar frå dei andre fylka, medan Vestlandet har stabile tal, eller litt nedgang i dyr av desse rasane.  

 

Årets unge bonde blir kåra årleg av Noregs Bygdeungdomslag, Felleskjøpet Agri og McDonald’s Noreg. Juryen grunnga valet av Ingve Berntsen (30) mellom anna med hans ‘engasjementet for nyskaping, ressursutnytting og for å inspirere andre unge bønder.’ Vilje til å satse blir og poengtert. 400 var nominerte.


Meir om eigenskapane til dei  trua norske kurasane:

  • Dei har svært gode beiteeigenskapar for norske tilhøve, og utnyttar deler av beitet på innmark og i utmark som tyngre raser ikkje vil ha.
  • Dei kan klare seg på norske fôrressursar, og er ikkje avhengige av kraftfôrprotein
  • Dei er veleigna til både mjølke- og kjøtproduksjon
  • Dei gir mindre mengd kjøt og mjølk enn dei tyngre rasane, men det dei produserer er av høgare kvalitet, kjøtet er møyrt og smakfullt; mjølka gir større osteutbytte ved ysting.

- Kjelde: Norsk Bufe

 

telemarksfe2.jpg

For berre tre år sidan var telemarksfe kategorisert som kritisk trua. No er rasen utanfor faresona med god margin, 380 avlskyr vart registrert i 2026. Foto: Anna Rehnberg.