Hopp til hovedinnholdet

Kjemper mot prydplante på rømmen

ef-20170814-145012_cropped.jpg

Nyleg pensjonerte bonde, Kjell Thirud, har verkeleg fått auga opp for kor fort kjempespringfrø spreier seg. Han vil ha fleire med seg i kampen mot denne invaderande arten. Foto: Erling Fløistad.

Kjempespringfrø er ein vakker blome synest mange, men denne svartelista planta spreier seg raskt og fortrengjer naturlege artar. Kapping og varmtvassbehandling er effektive tiltak, men det krev felles innsats frå grunneigarane.

- Det tok litt tid før eg skjønte at kjempespringfrø var eit problem. Den er veldig pen og dei færraste av oss har pugga svartelista, seier bonden Kjell Thirud på Ås. Han fann kjempespringfrø fyste gong for tre år sidan og tok med planta til eit lokalt hagesenter.

- Der fekk eg vite at dette er noko vi ikkje vil ha. Ho spreidde seg raskt til bekker og ytterkanten av skogsområde. Ved bekker kan ein ikkje sprøyte, så vi har plukka og slått, men eg er pensjonert bonde og orkar ikkje å gå så mykje i ulendt terreng. Eg trur at dersom vi skal nedkjempe slike hagerømlingar, må vi samarbeide, seier han og legg til at det er viktig at både grunneigarar, fagorganisasjonar som skogseigarforeiningar og bondelag og det offentlege bidrar i kampen mot hagerømlingane.

 

Problem i mange land

- Kjempespringfrø er opphavleg ei importert prydplante. Ho er vurdert å utgjere ein økologisk fare for våre heimelege artar og økosystem og er svartelista. Planta har blitt eit stort problem i Noreg, Europa, Nord-Amerika – alle stadar ho har vorte importert, seier Benedikte Watne Oliver, planteforskar ved NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelege universitet) og NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) som held på å skrive doktorgrad om kjempespringfrø.

Den gledelege nyheita er at det er mogleg å nedkjempe den, seier ho.

- Kjempespringfrø er ei eittårig plante som formeirar seg med frø. Du finn ho særleg langs næringsrike vassdrag der den kan etablere så store og tette bestandar. Riktig behandling til rett tid er svært viktig – altså før den rekk å utvikle spiredyktige frø, understrekar ho.

RVP49253.JPG
Benedicte Watne Oliver frå Nibio seier det er mogleg å bli kvitt denne svartelista hagerømlingen ved hjelp av kapping og behandling med varmt vatn. Foto: Siri Elise Dybdal. 

Varmt vatn og kapping

Oliver fortel at forskarar ved NIBIO har gjennomført forsøk med varmt vatn og kapping ved to forskjellige lokalitetar i Rygge gjennom to sesongar. Resultata er svært oppmuntrande.

- Dette er ei plante det går an å bli kvitt. I dag sprøyter mange, men det er ikkje naudsynt med kjemiske tiltak. Dessutan er det vanskeleg fordi den ofte veks langs vatn, så det stoppar seg sjølv. Det er viktig å finne andre effektive metodar, påpeikar forskaren.

- Viss du ser den dukkar opp, så luk den. Rota er lita så det er lett å berre drage ho opp. For større førekomstar kan ein kappe heilt nede langs bakken så det ikkje står igjen stubb. Kapp så seint som mogleg, men før frøsetting og kast avfallet i vanleg søppel. Leddknutar kan nemleg skyte nye sideskot, opplyser ho. 

Den andre metoden er å bruke ei ugrasmaskin som varmar vatn til 98 grader C. Det varme vatnet legg seg på plantane og varmen sprengjer plantecellene. Forsøka i Rygge viste at denne metoden også ser ut til å ta frø som ligg på bakken eller langt oppe i jorda.

 

Må samarbeide

- Kjempespringfrø spreier seg med vatn,  maskiner og utstyr og at jord vert flytta og planta blir med på lasset – då kan frøet bli frakta langt. Den største utfordringa er at ho veks litt på din eigendom, litt hos fru Hansen, litt på kommunen sitt område osb. Ho et seg inn på område og fortrengjer andre planter. Alle grunneigarar må difor samarbeide. Det hjelp ikkje om du står nedst i bekken og nedkjempe om han lenger oppe ikkje gjer det. Ein må begynne øvst, avsluttar ho.

ef-20160915-165441.jpg
Kjempespringfrø er opphavleg ei importert prydplante, men er vurdert å utgjere ein økologisk fare for våre heimelege artar og økosystem. Foto: Erling Fløistad.
Kjempespringfrø

Kjempespringfrø blomstrar frå juli og kjem i alle sjatteringar av rosa – frå purpur til kvit. Den er ei eittårig plante som normalt blir mellom 100 og 150 cm høg. 

NIBIO-prosjektet er finansiert av Oslofjordfondet og er eit samarbeid mellom NIBIO, NMBU, Landbrukskontoret Moss Rygge Råde, Heatweed Technology og Statens vegvesen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.