Hopp til hovedinnholdet

God marknad for norske bringebær

dsc_1393_cropped.jpg

Bringebær. Foto: Ragnar Våga Pedersen.

Bringebærdyrking har lenge vore ei viktig næring fleire stader i landet, men utviklinga har vore særleg stor dei siste ti åra. Det har fleire årsaker, men utvikling og bruk av nye sortar og ny dyrkingsteknikk med bruk av plasttunnelar har vore viktig.

Dei fleste ønskjer bær først og fremst fordi dei smakar godt. Difor er smak ein så viktig eigenskap. Dersom bæra i tillegg kan vera del i eit sunt kosthald, er det endå meir interessant. Ny kunnskap om den sannsynlege, helsefremmande verdien av antioksidantar som finst i fargestoffa og som det m.a. finst rikeleg av i bringebær, gjorde sitt til at interessa for bæra vart endå større. Forbruket av ferske bringebær auka sterkt. Utvikling av nye sortar tilpassa den norske marknaden er viktig for å møte etterspurnaden.

 

Sortsutvikling i Noreg

Den norske sorten ‘Veten’ var dominerande i fleire tiår. Sorten vart utvikla på forsøksstasjonen Njøs i Sogn, og var særleg godt tilpassa dyrkingsforholda i fjordbygdene der. Bygdene i Sogn og Fjordane vart etter kvart det dominerande området for dyrking av bringebær. ‘Veten’ var så sur at dei fleste strødde sukker på bæra før dei åt dei. Då den nye sorten ‘Glen Ample’ synte seg å vera så naturleg søt at ekstra sukker ikkje var naudsynt, auka interessa og bruken av ferske bringebær.

Den norske bringebærproduksjonen var lenge stabil med eit dyrka areal på om lag 2500 dekar. Sidan den dominerande sorten ‘Veten’ er for sur for dei fleste som spisebær, var det dyrking for industrien som var mest vanleg. I tillegg var det litt dyrking av nokre søtare sortar for konsummarknaden. Den gamle sorten ‘Asker’ har framifrå kvalitet som spisebær, men sidan bæra er svært små, og skota fulle av tornar, går haustinga seint og bæra vert difor dyre. Bær av ‘Asker’ har såleis først og fremst vore dyrka nær dei større byane og selde som kvalitetsbær med ekstra høg pris. Den gamle, tyske sorten ‘Preussen’ vart og litt dyrka som spisebær, men vart aldri nokon viktig sort.

Arbeid med utvikling av nye og betre sortar føregår mange stader, og sortane vert prøvde i ulike dyrkingsområde. Organisert sortsprøving har føregått lenge her i landet, og mange, nye sortar har vorte prøvedyrka. Dei fleste har mangla viktige eigenskapar og såleis vorte borte etter få år. Kring tusenårsskiftet fekk vi fleire nye sortar frå Skotland for prøving. Etter få år merka sorten ‘Glen Ample’ seg ut med mange gode eigenskapar i fleire forsøk. Plantene var kraftige med lange sidegreiner og mange blomar, så sorten gav gode avlingar. Bæra var lysare enn ‘Veten’, men også mykje søtare. Dei første åra vart plantene lite skadde om vinteren, så sorten vart snart populær og teken i bruk. At dyrkarane fekk denne sorten, la eit viktig grunnlag for utvikling og auka bringebærdyrking.

Bilde nr 2.JPG
Frodig bringebærfelt. Foto Torbjørn Takle.

Dyrking i tunnel gjev stabil kvalitet

Om lag samstundes med at ‘Glen Ample’ kom i bruk, vart nye typar plastdekka tunnelar utvikla. Marknaden tok godt imot bæra av den nye sorten, men krava til høg og stabil kvalitet vart samstundes større. Det førde til auka satsing med spesialproduksjon av bringebær i plasttunnelar. Det vart auka fokus på bruk av friske planter, og redusert behov for bruk av kjemiske plantevernmiddel. Det meste vart planta på plastdekka drillar med vatning og gjødsling gjennom anlegg for dryppvatning. Alt dette gav god og sikker kontroll og styring av avlingsfaktorane, noko som igjen gav jamn, god og sikker bærkvalitet. Sidan den nye sorten hadde framifrå kvalitet som spisebær og samstundes kunne nyttast for industrien, fekk bæra auka marknadsverdi og alle ledd i verdikjeda fekk ein meir lønsam produksjon.

 

Marknadsutsikter og utviklingsarbeid

Ved hjelp av nye og betre sortar, med ny og betre dyrkingsteknikk har næringa fått ei sterk oppblomstring. Bringebær er populært som aldri før, men produksjonen er krevjande, så alle ledd i verdikjeda må heile tida arbeida med forbetringar og optimalisere innsatsen. Til no har marknaden auka minst like raskt som produksjonen, og dei fleste har god tru på at det enno er eit unytta potensiale for produksjon av bringebær med høg kvalitet.

Sjølv om bringebærdyrkinga har hatt stor framgang dei siste åra, må arbeidet med forbetringar av sortseigenskapane og dyrkingsteknikken halda fram. Arbeidet med utvikling av nye og endå betre sortar er i gang, og ny teknologi må nyttast for vidare utvikling av både produksjon og kvalitet. Sidan svært mykje av produksjonen for tida føregår med bruk av berre ein sort, er bærsesongen kortare enn om det vart nytta sortar med ulik modningstid. Sidan produksjonen føregår under plasttak, er potensialet for å utnytta ein lengre sesong betydeleg. Då må m.a. både fleire sortar og bruk av nye plantetypar som gjev betre høve til å styra bærsesongen nyttast. Utvikling av nye og sikre metodar for kontroll av viktige skadegjerarar må framleis ha stort fokus, og når dyrkingstilhøva er så kontrollerte som dei kan vera i tunnel, er sjansane gode for å lukkast. Målet er produksjon av bær av beste kvalitet, i ein lang sesong, utan behov for kjemisk plantevern.  

 

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.