Hopp til hovedinnholdet

Framgangsrikt samarbeid med Kina gjennom 10 år

DSC00335_cropped.jpg

Rismarker utanfor Sanya i Hainan, Kina. Foto: Ragnar Våga Pedersen.

Trass den politiske isfronten mellom Kina og Noreg dei siste seks åra, har NIBIO - Norsk Institutt for bioøkonomi klart å bli ein viktig samarbeidspartnar for Kina på matsikkerheit. Med ein normalisert norsk-kinesisk relasjon kan banda styrkast ytterlegare.

Etter seks år utan politisk kontakt har Noreg og Kina no inngått ein avtale om å etablere eit normalt politisk og diplomatisk samarbeid igjen. Det betyr mellom anna nye moglegheiter for norsk eksport til Kina.

Også for forskingsmiljøa er normaliseringa av den norsk-kinesiske relasjonen svært viktig. Kina er ein avgjerande samarbeidspartner for å oppnå gode resultat på område som klimatiltak og matsikkerheit og er eit av seks land som omfattast av regjeringas Panorama-strategi for å etablere langsiktig høgare utdannings- og forskingssamarbeid. 

Heile verda, inkludert Noreg, blir påverka av korleis Kina løyser utfordringane sine. Til trass for den mangeårige politiske isfronten, har NIBIO gjennom ti år systematisk bygd opp nettverk i Kina med samarbeid med ei rekkje institusjonar. Det har ført til at NIBIO i dag er ein viktig samarbeidspartnar for kinesarane på matsikkerheit, miljøvenleg og berekraftig landbruk. 

20151008-P1030548.jpg
Risforskarar fra Hunan Hybrid Rice Research Centre (HHRRC) i Changsha, Kina. Foto: Ragnar Våga Pedersen.

Trekkje vekslar

- Kina er svært viktig for heile verda, og det er av stor betydning at Kina held fram i den positive utviklinga som har prega landet dei siste 25 åra, seier Nils Vagstad, administrerande direktør i NIBIO. 

Han meiner Kina sit på både problem og moglegheiter.

- Utfordringane knytt til miljø, klimaendringar og matsikkerheit er store, dei er globale og dei krev internasjonalt samarbeid. Gjennom satsing på bilateralt forskingssamarbeid kan ein finne gode nasjonale og lokale løysingar der det også kan trekkjast vekslar på andre si erfaring. Kinas myndigheter viser at dei tek utfordringane med det største alvor; med ei massiv satsing på miljøtiltak og berekraft i den 13. femårsplanen. Noreg og NIBIO har lang erfaring innan matproduksjon, miljø og berekraft, og er difor ein interessant samarbeidspartnar for kinesiske forskingsinstitutt, seier Vagstad. 

- Sett frå NIBIO og norsk side, er det viktig at vi får vere ein medspelar i den enorme satsinga og utviklinga som skjer i kinesisk landbruksforsking og teknologisk innovasjon, påpeikar han.

 

Gjensidig nytte

NIBIO-direktøren trur instituttet har fått solid omdømme og posisjon i Kina takka vere eit langsiktig og systematisk arbeid trass i eit vanskeleg politisk utgangspunkt. 

- Vi har konsekvent sikta oss inn mot viktige aktørar med nære relasjonar til departement og myndigheter. Gjensidig tillit og respekt har vore avgjerande. NIBIO sitt fokus har vore samarbeid med partnarar som matchar oss. Det vil seie at vi har konsentrert oss strategisk mest om landbruksakademia og mindre på universiteta. Det er forsking og implementering av ny kunnskap og teknologi i praksis, og ikkje utdanning, som er vårt hovudfokus, seier Vagstad. 

- Men samstundes har vi utmerkt vitskapeleg samarbeid også med ei rekkje universitet, legg han til. 

20160901-RVPX2363.jpg
Kinas ambassadør til Noreg, Wang Min, fekk køyre traktor då han besøkte Campus Ås i september. NIBIO var vertskap for besøket, der også NMBU og Nofima deltok. NIBIO har gjennom ti år systematisk bygd opp nettverk i Kina, og har i dag samarbeid med ei rekkje institusjonar. Foto: Ragnar Våga Pedersen.

Eit anna viktig moment har vore at samarbeidet er sett som nyttig for begge partar.

- Vi forstår kulturen og klarer å byggje gode relasjonar. Men det er sjølvsagt også viktig at samarbeidet er ein ‘vinn-vinn-situasjon’ for begge partar. Kina har som mål å bli ein kjempestor aktør på landbruksforsking og teknologi. Men for å klare dette må dei ha gode samarbeidspartnarar, seier Jihong Liu Clarke, seniorforskar ved NIBIO og koordinator for instituttet sitt Kina-samarbeid. 

Myndigheitene i Kina har i seinare år sett i gong omfattande tiltak for å avgrense dei negative miljøverknadane frå landbruket, samstundes som dei fører vidare vekst i produksjonen. Her har NIBIO vore involvert gjennom prosjektet SinoGrain med fleire Kinesiske partnarar, bl.a.  Chinese Academy of Agricultural Science (CAAS). Hovudmålet har vore å redusere gjødselbruken i landbruket, redusere og målrette bruken av plantevernmiddel og sørgje for at ny kunnskap når ut. 

- Gjennom SinoGrain er det etablert ei fagleg plattform for gjensidig læring og erfaringsutveksling med potensial for stort og langsiktig fagleg utbytte, fortel Clarke.

 

Ny avtale

I fjor inngjekk NIBIO eit nytt femårig forskingssamarbeid med Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), som har ei framståande rolle for den nasjonale mattryggleiken i Kina. Saman skal dei to institutta forske på matproduksjon og matryggleik.

Instituttet er også en aktiv medspelar i arbeidet som no blir gjort på berekraftig landbruk og matsikkerheit sentralt i Kina, gjennom samarbeidet med det viktige fagmiljøet ved CAAS i Beijing. Dette har mellom anna inkludert prosjektsamarbeid, studentutveksling og besøk frå leiinga. 

Men Clarke påpeikar at det politiske klimaet mellom Noreg og Kina har ført til ein del utfordringar knytt til samarbeidet med Kina. Den normaliserte relasjonen mellom landa vil nok gjere ein del prosessar enklare, seier ho.

- Det vil bidra til å styrke samarbeidet med våre kinesiske partnarar, men også det vidare samarbeidet for å takle felles utfordringar innan landbruk og matsikkerheit. Vi ser på denne avtalen som ei gledeleg nyttårsgåve, seier Kina-koordinatoren. 

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.