Hopp til hovedinnholdet

Celina skal redde norske pærer

Meland 1_cropped.jpg

Seniorforskar Mekjell Meland framfor fire år gamle Celina-tre som nærmar seg hausting. Foto: Oddmund Frøynes, NIBIO.

Raudkinna pærer kan redde norsk produksjon. Snart er det ikkje att norske pærer. Den nye sorten Celina er siste håp.

Celina kjem med raude kinn i håp om å redde pæredyrkinga i Noreg. Nå blir det produsert mindre enn ei kvart norsk pære per innbyggjar per år. Lukkast ikkje den nye sorten, kan det vera slutt på norske pærer i butikkane.

Det går mot eit heller dårleg år for mange fruktdyrkarar, særleg på Vestlandet. – Det var kjølig vêr under blomstringa og kjølig etterpå. Det førte til redusert fruktsetjing og dermed lågare avling for både søtkirsebær, plomme, pære og eple, fortel Mekjell Meland. Han er seniorforskar på NIBIO i Ullensvang.

 

Mot null

Avlingane svingar frå år til år, men tendensen er klar: Norsk pæreproduksjon går mot null.

– Vi hadde ein nokså stor pæreproduksjon med to sortar – Grev Moltke og Dobbelt Philip. Men så fann grossistane ut at dei ikkje ville ha dei lenger, fortel Bjørn Eidhammer i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.

Dei norske pærene heldt ikkje god kvalitet lenge nok samanlikna med utanlandske Conference.

– Når det var for mykje, hopa dei seg opp og vart blaute og dårlege. Så har det vore prøvd å få til nye sortar som skal vere betre, men det har gått seint. Vi kan ikkje ta inn Conference, som er den heilt dominerande sorten i Vest-Europa, til Noreg, for dei treng lenger vekstsesong, forklarer Eidhammer.

Celina.JPG
Den nye, norske pæresorten Celina har raud dekkfarge og god smak. Foto: Oddmund Frøynes.

Raude Celina

Men no kjem Celina.

– Det er ein ny sort som Graminor har utvikla i Noreg, som er teken i bruk i Belgia, og som ser ut til å få eit veldig godt omdømme, seier Jens Terje Hammervoll. Han er dagleg leiar på Sognefrukt, som har sett i gang NIBIO med å forske på korleis forbruket av norske pærer kan aukast. Det skal forskast på korleis fruktsetjinga skal bli optimal, intensive dyrkingssystem, og å finne rette hauste- og lagringsvilkår for god forbrukaroppleving. 

– Celina smakar godt og ser lovande ut for dyrkarane. Så skil ho seg ut med ein litt annan utsjånad. Litt raudfarge, eller raude kinn, som vi seier.

 

Mangedobling?

Går det bra, kan Celina sørgje for mangedobling. I år ser det ut til at den norske pæreavlinga hamnar på 122 tonn. Nå er det planta nok nye tre til å gje rundt 300 tonn Celina om nokre år.

– Det er meir enn den samla norske produksjonen i dag. Blir det vellukka, er det rom for meir, slår Hammervoll fast.

Målet er å dekke 25 prosent av det norske pæreforbruket dei åtte vekene som den norske sesongen varar. – I så fall kan du lett selja mellom 1000 og 1500 tonn. På sikt er det eigentleg realistiske tal. På eple ligg dei norske rundt 50 prosent av marknaden i sesongen, så dette er ikkje noko stort, hårete mål, meiner han.

 

Fleire år

Det står att litt før produsentane kjem så langt. – Først må vi finne produsentar som vil plante, og så er leveringstida på plantene tre–fire år. Men grossistane seier dei treng meir norske eple, pærer og plommer, seier Bjørn Eidhammer i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.

Får dei ikkje meir pærer, ser det dårleg ut for heile den norske pæreproduksjonen:

– Denne satsinga håpar vi at blir vellukka. Får vi ikkje til dette, er det kanskje over og ut for norske pærer, seier Mekjell Meland på NIBIO.

Dårleg fruktår

Den norske pæreavlinga ligg an til å ende på 122 tonn i år. Det er under det halve av i fjor, og berre to tonn meir enn det rekorddårlege resultatet i 2013.

Epleproduksjonen ser ut til å komma opp i 5825 tonn. Det er 25 prosent lågare enn i fjor.

Plommeavlinga ligg an til å bli 1110 tonn (ned 3 prosent), og morellavlinga 376 tonn (ned 36 prosent).

Kilde: Prognose frå Grøntprodusentenes Samarbeidsråd per 1. september.

 

Nye norske pærer

Auka volum og forbrukaroppleving av norske pærer.

Eit prosjekt for å finne fram til dyrkingsmetodar om gir god økonomi for pæreprodusentane, og haustetid, lagring og omsetnadsformer som gir god forbrukaroppleving av norske pærer.

NIBIO Ullensvang ved seniorforskar Mekjell Meland leiar prosjektet, og samarbeider med Njøs Næringsutvikling, Graminor og partnarar frå USA, Bosnia og Hercegovina og Belgia.

Sognefrukt eig prosjektet, og har med seg Ullensvang fruktlager, Hardanger Fjordfrukt, Fellespakkeriet og Norsk landbruksrådgiving på næringslivssida.

Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.