Gå hovedinnhold

Gråskimmelresistens i Agder lik resten av landet

Gråskimmelresistens i jordbær er den same i Agder som i resten av landet, viser ein ny rapport frå NIBIO.

I fjor sommar blei det store overskrifter i avisene på grunn av problem med rotne jordbær, spesielt på Sørlandet. Årsaka var soppsjukdomen gråskimmel. Denne sjukdomen kan føre til total avlingssvikt. Dyrkarane brukar kjemiske soppmiddel for å bekjempe gråskimmel og slik produsere lønsame avlingar av god kvalitet. Men undersøkingar kring jordbær og bringebær på Aust- og Vestlandet utført sidan 2013 har avdekka urovekkjande resultat med høg grad av resistens mot dei meist brukte soppmidla.

I 2016 tok forskarar frå NIBIO, på oppdrag av Landbruks- og matdepartementet, ut prøvar frå 19 jordbærfelt i Agder. Bakgrunnen var uventa avlingssvikt på grunn av gråskimmel dette året. Resultata her stemte godt overeins med tidlegare funn av resistens i Noreg og utlandet, seier forskarane.

 

Varierer frå felt til felt

– Totalt fann vi resistens mot fem av seks tilgjengelege verksame stoff. Nokre middel viste stor grad av resistens, medan andre hadde mindre. Vi har eit godt bilete av resistenssituasjonen i Noreg, og resultata frå Agder er identiske med undersøkingar kring bær i andre deler av landet og resultata frå Europa og USA, seier Gunn Mari Strømeng og Arne Stensvand ved Avdeling soppsjukdommar ved NIBIO.

Det var store lokale variasjonar i resistensen mot kjemiske soppmiddel i Agder.

– Det er ikkje nødvendigvis samsvar mellom mykje gråskimmel og høg resistens mot soppmiddel. Variasjonane kjem også av at mange andre faktorar påverkar avlingsresultata, ikkje minst vêret, men også sprøyteteknikk og dyrkingsmetodar, påpeikar NIBIO-forskarane

 

WP_20140214_10_45_34_SmartShoot.jpg
Fra arbeidet med testing av gråskimmelisolater for resistens. Foto: Gunn Mari Strømeng.

 

Samarbeider med næringa

Dei er ikkje i tvil om at resistenssituasjonen er ei stor utfordring for mange norske jordbærdyrkarar, men seier forskarane jobbar tett med næringa for å handtere resistens og finna alternative tiltak mot gråskimmel.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Kontaktperson:

Arne Stensvand
Seniorforsker
(+47) 911 83 430
arne.stensvand@nibio.no

Fakta

Undersøkingane av resistensførekomst hos gråskimmelsopp i jordbærfelt i Agder blei utført på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD), og var finansiert av kunnskapsutviklingsmidlar tildelt NIBIO i 2016.