Hopp til hovedinnholdet

Husdyrmøk er gull verdt

20040426ef0013 (1)

Husdyrgjødsel har vore nytta av norske bønder i fleire tusen år. Ho inneheld ei mengd med næringsstoff som plantane treng og bidreg dessutan til betre jordhelse. Foto: Erling Fløistad

Etter ein lang vinter har endeleg varmen komme til Sør-Noreg og mange bønder er i gang med våronna. Ikkje alle liker lukta, men spreiing av husdyrmøk er resirkulering av næringsstoff som allereie finst i landbruket og dermed sirkulærøkonomi i beste forstand.

Bondens gull, husdyrgjødsla, har vore i hardt ver dei siste åra. Gjødsla slepp ut klimagassar og forureinar vassdrag. Likevel meiner forskar Åsmund Kvifte ved NIBIO Fureneset, at møka framleis er gull verdt. Me må berre vita korleis vi kan nytta ho best mogleg.

Husdyrgjødsel har vore nytta av norske bønder i fleire tusen år. Ho inneheld ei mengd med næringsstoff som plantane treng og bidreg dessutan til betre jordhelse. Kva for husdyrslag gjødsla kjem frå og korleis ho vert handsama påverkar næringsinnhaldet. I 2018 kom ein fjerdedel av nitrogenet som vart spreia på norske jorde frå husdyrmøk. Nitrogen er eit av dei næringsstoffa som plantane treng mest av.  

Om ein nyttar sju til ni tonn blautgjødsel på målet, inneheld denne møka ein stor del av det nitrogenet som enga treng. Men ikkje all næringa er tilgjengeleg for plantene. I mange tiår har det difor vorte forska på utnytting av næringsstoff i møk. Treng me då enno meir kunnskap om dette?

Heilt klart, meiner Åsmund Kvifte. Han er forskar ved den vesle forsøksgarden til NIBIO på Fureneset i Fjaler, litt nord for Sognefjorden.

– Tilhøva endrar seg, og difor må me og oppdatera kunnskapen. Gardane vert større. Mengd tilførte næringsstoff gjennom kraftfôr og kunstgjødsel endrar seg. Klima endrar seg med meir nedbør og mildare vintrar. I tillegg utviklar teknologien seg stadig. Me får andre spreiemetodar og måtar og behandla gjødsla på, som til dømes produksjon av biogass, fortel Kvifte.

– Me treng og forsking frå ulike stader i landet med ulik jord og ulikt klima, legg han til.

Gjødsling med blautgjødsel på forsøksfelta til NIBIO Fureneset. Foto: Synnøve Rivedal
Gjødsling med blautgjødsel på forsøksfelta til NIBIO Fureneset. Foto: Synnøve Rivedal

 

Flyktige næringsstoff og spreiemetodar

Åsmund Kvifte er aller mest oppteken av nitrogen. Nitrogen er det næringsstoffet som har størst verknad på avling. Nitrogen er mellom anna naudsynt for å bygga opp protein. Sjølv om luft består av 78 % nitrogen, er det berre kløverplantene i enga som kan nytta dette direkte. Graset kan det ikkje. Men husdyrgjødsel inneheld nitrogen som kan tilførast jorda og vidare tas opp av planter.

– I husdyrgjødsel føreligg omtrent halvparten av nitrogenet i uorganisk form, som ammonium (NH4), der nitrogenet er bunden til hydrogen. Dette nitrogenet er direkte tilgjengeleg for plantene, men kan lett forvandlast til ammoniakkgass som forsvinn opp i lufta. Alt etter korleis og kva tid ein spreier møka, kan alt frå 10–15 % til over 70 % av ammoniumet gå tapt, forklarar Kvifte.

– Tidleg spreiing med stripespreiar kan minska tapa betydeleg. Det same gjeld om ein sper ut gjødsla med vatn slik at ho renn raskare ned i jorda. Spreiing i sol og vind aukar tapa. Me har ganske gode modellar frå utlandet som kan rekne ut forventa tap av ammonium ved ulike tilhøve og spreiemetodar, men modellane er ikkje testa for norske tilhøve, fortel Kvifte.

Tidleg spreiing med stripespreiar kan minska tapa av nitrogen betydeleg. Foto: Erling Fløistad
Alt etter korleis og kva tid ein spreier møka, kan alt frå 10–15 % til over 70 % av ammoniumet gå tapt. Tidleg spreiing med stripespreiar kan minska tapa av nitrogen betydeleg. Foto: Erling Fløistad

 

Organisk nitrogen

Den andre halvparten av nitrogenet i husdyrgjødsla er bunden til organiske stoff. Dette nitrogenet går ikkje så lett tapt, men det er heller ikkje direkte tilgjengeleg for plantevekst. Ein del byggjer seg opp i jorda år for år som eit langsiktig næringsstofflager. Mikrobar må bryte ned dei komplekse molekyla før plantane kan nytta det. Kvart år vil noko av dette N-lageret verta tilgjengeleg for plantane saman med det nitrogenet som tilførast årleg med gjødsla.

– Me veit at mikrobane som bryt ned dei komplekse molekyla i møka vert meir aktive ved høgare temperaturar og nok fukt i jorda. For mykje vatn derimot hindrar frigjering og opptak av næringsstoff. Her på Fureneset ynskjer me å forska meir på korleis mengda av tilgjengeleg nitrogen i husdyrmøk og jord endrar seg gjennom sesongen ved dei særskilde vêr- og jordtilhøva me har i Vestland. Då kan me laga betre modellar for utnytting av nitrogen og formidla kunnskap til Vestlandsbonden som er tilpassa tilhøva deira.

– Jo betre me kan utnytta gjødsla, jo mindre kunstgjødsel treng me og jo mindre nitrogen endar opp som forureining i staden for som næring til plantene. Det er betre for miljøet og betre for bondens lommebok, avsluttar forskaren.

Ny gjødselvareforskrift på høyring

Ei ny gjødselvareforskrift vart send ut på høyring i mars 2024. Forskrifta set strengare grensar for kor mykje husdyrgjødsel bonden kan nytta kvart år, og når det er lov til å spreia møka. I Vestland, er det hovudsakeleg husdyrproduksjon og dermed meir bruk av husdyrgjødsel enn austpå. Det har ført til høge verdiar av fosfor i jorda mange stadar, noko som aukar faren for at fosfor kjem på avvegar og fører til algeoppblomstring i vassdrag.

- Nye reglar er enno ein grunn for at me treng oppdatert kunnskap og nye måtar å handsama husdyrgjødsla på, informerer Kvifte.

Forskar Åsmund Mikalsen Kvifte framfor eit av forsøksfelta på NIBIO Fureneset. Forsøksgarden har ikkje berre eit særskilt klima og jordtilhøve, garden har og langsiktige forsøksfelt med ulik omløpstid for eng og med ulik gjødsling. Kvifte peikar på at desse felta kan vere viktige for forsking på organisk nitrogen i husdyrmøk og jord. Langtidsforsøka gjer det mogleg å sjå kva skilnad ulike gjødselstrategiar gjer og korleis frigjeringa av nitrogen vert påverka av gjødsling med møk over mange år.  Foto: Hege Ulfeng
Forskar Åsmund Mikalsen Kvifte framfor eit av forsøksfelta på NIBIO Fureneset. Forsøksgarden har ikkje berre eit særskilt klima og jordtilhøve, garden har og langsiktige forsøksfelt med ulik omløpstid for eng og med ulik gjødsling. Kvifte peikar på at desse felta kan vere viktige for forsking på organisk nitrogen i husdyrmøk og jord. Langtidsforsøka gjer det mogleg å sjå kva skilnad ulike gjødselstrategiar gjer og korleis frigjeringa av nitrogen vert påverka av gjødsling med møk over mange år. Foto: Hege Ulfeng

 

Bondens gull, husdyrgjødsla, har vore i hardt ver dei siste åra. Gjødsla slepp ut klimagassar og forureinar vassdrag. Likevel meiner forskar Åsmund Kvifte ved NIBIO Fureneset, at møka framleis er gull verdt. Me må berre vita korleis vi kan nytta ho best mogleg. Foto: Åsmund Mikalsen Kvifte
Bondens gull, husdyrgjødsla, har vore i hardt ver dei siste åra. Gjødsla slepp ut klimagassar og forureinar vassdrag. Likevel meiner forskar Åsmund Kvifte ved NIBIO Fureneset, at møka framleis er gull verdt. Me må berre vita korleis vi kan nytta ho best mogleg. Foto: Åsmund Mikalsen Kvifte

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.